Lukk søk
Liste over bokutgivelser kommer her.

Med raushet, overskudd, presise observasjoner og overraskende vendinger byr Mitt kvite hår i vinden på dikt både til glede og ettertanke.
Eg vandrar helst med henne, ho
som framleis er mi brud, framleis like ung
og fager som ho var då ho bar liljer
i den vesle kyrkja for over førti år sidan: Her,
langs strendene går vi. Her
har eg lov å vera ein slik tullete gamling som eg vart:
litt krøkt, med staven og den grøne frakken
og mitt kvite hår i vinden. Eg gjeng i eitt
med grønske, raudbrun tare, strandsmelle,
fjøresaltgras og med stein
som havet sleikjer mjukt. Men stundom
brølar det med fròde om kjeften, glefser
med kvite tenner mot oss, vi vêrbitne
fenomen ved stranda lik tusenårgamle klipper

I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.

Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made