Lukk søk

Liste over bokutgivelser kommer her.

I 1997 skreiv Jon Fosse eit spelefilmmanus. Manuset, som den gong hadde tittelen Bad Moon Rising, har no blitt til filmen Kjærast regissert av Erik Poppe.
Det handlar om Asle og Gerd, som blir foreldre til ein gut, og for ei stund er lykka fullkommen. Asle reiser til sjøs. Gerd er heime aleine med barnet. Kor mykje toler kjærleiken?
Her får du manuset slik det var den gongen Fosse skreiv det, men også ein tekst av regissør Erik Poppe der han fortel om arbeidet med filmen. Boka inneheld også forteljinga om korleis manuset blei til. Det var Tom Remlov, i rolla som direktør i Norsk Film, som i si tid bad Fosse skriva eit filmmanus. Remlov fortel kva som skjedde den gongen.

Ein mann legg seg inn på Vaim Hotell der vertinna Brita styrer på myndig vis. Kva er det med dette hotellet ved fjorden? Fiskesett, skulderveske, lommebok, bilnyklar, alt forsvinn, og noko dukkar opp att. Korleis kan det ha seg at Gjesten blir sett i arbeid og endar opp med å skifta lyspærer på alle romma?
Vaim Hotell er ei underleg og urovekkjande forteljing om Gjesten, Brita, Handelsmannen og Sjømannen.
Dette er den andre av tre romanar knytte til den oppdikta staden Vaim.

I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.

Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made