Hjelp oss å oppsummere 2023!

Var du på eit litterært arrangement i 2023 som gjorde spesielt inntrykk? I så fall vil Norsk Forfattersentrum gjerne høyre frå deg.

Kari Anne Bye på Litterære Hagefest i Adrianstua i Trondheim i august 2023. Foto: Egil Swan Heistad

Det er tid for å oppsummere året som er omme. Etter fleire sesongar med pandemi, var det heldigvis få koronaavlyste arrangement i 2023. Forfattarane som er medlem i Norsk Forfattersentrum var til saman ute på over 9 000 oppdrag!

Mona Høvring (t.h) var gjest i «Linn Ullmanns knytkalas» på Deichman Majorstuen i november 2023.


Sjølv om Norsk Forfattersentrums styre og administrasjon deltek på ei rekke festivalar og litterære arrangement kvart år, seier det seg sjølv at det er mykje vi ikkje får med oss. Derfor ber vi no om hjelp til å oppsummere litteraturformidlingsåret 2023.

Var du på eit litterært arrangement, forfattarbesøk eller skrivekurs i fjor som gjorde spesielt inntrykk? Fortell oss om arrangementet og kva som gjorde det heile så spesielt i skjemaet under.

Tusen takk for at du tok deg tid til å svare oss! Vi kontaktar deg på førehand dersom vi bruker tilbakemeldinga di i ei nettsak her på forfattersentrum.no.
Ai. Her skjedde det noko feil. Kontakt administrasjonen.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene