Wergelands åre 2014

Wergelands åre er ein heiderspris innstifta av Norsk Forfattersentrum på initiativ fra Arne Ruste. Den blir tildelt ein person eller institusjon som har bidrege sterkt til forståing, formidling og synleggjering av poesi.

Wergelands åre 2014

Toppfoto: Vinnar av Wergelands åre 2012, Hanne Bramness. Foto: Tine Poppe

Prisen er knytt til eit par velbrukte roårer, som ein meiner er årene Henrik Wergeland brukte å oppbevara saman med eit segl i Grei Kafé i Skippergaten i Oslo. Båten fortøydde han utanfor. På kafeen møtte han si framtidige kone, Amalie Sofie Bækkevold. Den eine åra er permanent utstilt i Grei Kafé, den andre ambulerer mellom prisvinnarane. Prisen blei første gong delt ut i 1997 og blir til vanleg delt ut annakvart år.

Wergelands åre 2014 vil bli utdelt måndag 16. juni kl. 12 i Litteraturhuset i Oslo (Kverneland).
Her vil m.a. ein av våre sentrale lyrikarar, Steinar Opstad, lesa eigne dikt.

Kontakt: Per Olav Kaldestad, styreleiar i Norsk Forfattersentrum
Tlf.: 92 43 52 53
E-post: pokaldestad@hotmail.com

Tidlegare mottakarar av Wergelands åre:

•1997 – Turid Birkeland, kulturminister
•1999 – Oslo Sporveier, for prosjektet Dikt Underveis
•2001 – Dagbladet, spesielt for utvikling av Diktbasen
•2003 – Volapük, motkulturelt kraftsentrum
•2005 – Erling Kittelsen, lyriker og formidler
•2008 – Jan Erik Vold, lyriker og formidler
•2012 – Hanne Bramness

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa