Skriving som hobby - Helgekurs med Ingeborg Eliassen

Dette helgekurset i kreativ skriving passar for den som har lyst til å koma i gang med å skrive og for den som har skrive ei stund og treng eit puff vidare. Deltakarane vil bli betre kjent med seg sjølve som skrivande og oppdaga nye uttrykksmåtar. Påmeldingsfrist: måndag 11. april.

Skriving som hobby -  Helgekurs med Ingeborg Eliassen

Dette helgekurset i kreativ skriving passar for den som har lyst til å koma i gang med å skrive og for den som har skrive ei stund og treng eit puff vidare. Deltakarane vil bli betre kjent med seg sjølve som skrivande og oppdaga nye uttrykksmåtar.
Påmeldingsfrist: måndag 11. april.

Om kurset

På kurset får du oppgåver du skal svara på i løpet av kort tid. Når ein arbeider raskt, blir den indre kritikaren sett ut av spel. Mange blir meir kreative da. Å skrive er å formidle. Vi samlar inntrykk gjennom sansane våre. Kva sansar bruker du mest? Syn? Hørsel? Eller ein av dei andre sansane?
Kva inntrykk er viktige for deg når du skal formidle noko vidare?
Deltakarane les vanlegvis høgt det dei har skrive. Det er ingen tvang, men det er fint og lurt å dele med andre.
Kursleiar er forfattar Ingeborg Eliassen. Ho har blant anna gjeve ut barnebøker og fått oppført ei rekkje skodespel.
Ingeborg har brei erfaring som kurshaldar for folk i alle aldrar.

Praktisk informasjon

Varigheit: To dagar à fire timar
Tidspunkt: laurdag 16. og søndag 17. april kl. 10.00–14.00 båe dagane
Stad: NB: Informasjon om lokalet blir sendt ut per e-post i forkant av kurset.
Kursleiar: Ingeborg Eliassen
For ungdommar og vaksne
Kursavgift: 1400/1200 (ungdommar, studentar og honnør)

Påmelding

Bindande påmelding innan 11. april.
Send e-post til: guri@forfattersentrum.no
Vi treng denne informasjonen: namn, alder, fullstendig postadresse, e-postadresse og telefonnummer.
Om du er student eller pensjonist, informerer du om det.

Spørsmål kan rettast til:

Avdelingsleiar Guri Sørumgård Botheim Norsk Forfattersentrum Midt-Norge guri@forfattersentrum.no | Tlf. 21 09 57 70
Kursleiar Ingeborg Eliassen ingeborg@andreakt.com | Tlf. 906 01 951 Nettside: http://www.ingeborgeliassen.no/

Arrangør: Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
Skriveforumet er støtta av Trondheim kommune

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa