Skriveforum fordjupning

Med Harald Nortun og Kristin Ribe

Skriveforum fordjupning

Er du motivert for å lære av profesjonelle forfattarar? Våren 2014 tilbyr vi eit fordjupingsseminar leia av Kristin Ribe og Harald Nortun. Skriveforumet passar personar som skriv og som ynskjer å vidareutvikle seg. Forumet forsøker å rettleie deltakarane inn mot større skriveprosjekt. Dette er eit grundig kurs med 3 timar over 6 kveldar.

Praktisk informasjon

Varigheit: Seks kveldar à tre timar.
Tid: Måndagar kl. 18.00–21.00. 10. februar, 17. februar, 24. februar, 3. mars, 17. mars og 24. mars
Stad: Kultursenteret ISAK, Prinsens gate 44, Trondheim
Kursavgift: 3800 / 2800 (student og honnør)

Søknad

Deltakarane må vera over 20 år. Maks 14 plassar. Tidlegare Skriveforumdeltakarar kan òg søkje.
Søknaden skal innehalde tre liner om deg sjølv, fullt namn, postadresse, e-postadresse og telefonnummer. Legg ved seks sider med eigne skjønnlitterære tekstar (desse vil bli gjennomgått på seminaret).
Send til: guri@forfattersentrum.no
Søknadsfrist: Måndag 27. januar
Svar på opptak: rundt 3. februar

Innhald

Forfattarane Kristin Ribe og Harald Nortun inspirerer deg til kreativ dikting og til å utvikle eit bevisst forhold til skriving. Det blir undervisning, tekstgjennomgang og mykje tid til skriving. Gjensidig deling av tekstar er forventa.

Kristin Ribe (f. 1972) har gjeve ut fem romanar på Forlaget Oktober, den siste er Natt, regn frå 2012. Kristin har hovedfag i nordisk litteratur, med ei oppgave om komposisjon og kva som skapar samanheng i episke tekstar. Kristin var fylkeskunstnar i Sør-Trøndelag i 2012.

Harald Nortun (f. 1972) har skrive ungdomsromanene Røverskogen og Taus på Cappelen Damm, og ei diktsamling for ungdom med tittelen Nesten saman på Samlaget. Harald har hovudfag i allmenn litteraturvitenskap, og har vore universitetslektor ved NTNU. Han er medlem i det kunstnariske rådet til Æ Å Trondheim litteraturfestival.

Spørsmål kan rettast til:

Avdelingsleiar Guri Sørumgård Botheim
Norsk Forfattersentrum Midt-Norge
guri@forfattersentrum.no

Tlf. 21 09 57 70


Andre arrangement

Sjå alle arrangementa