Sagalitteraturen

Finst det ein moderne saga? Og kva kjenneteiknar moderne sagalitteratur? Vi har invitert dei prislønna forfattarane Tore Kvæven og Bergsveinn Birgisson til ei samtale med sagaen i fokus. Begge skriv bøker sterkt inspirert av den norrøne sagalitteraturen, og vi har spurd dei korleis denne eldgamle sjangeren påverkar deira eiga skriving. Vi gler oss!

Tore Kvæven er sauebonde og lærar, busett i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med Hard er mitt lands lov, ein historisk roman om eit eventyrleg vikingtokt til det indre av Kongo på 1000-talet. I 2018 fekk han Brageprisen for sin andre roman Når landet mørknar. Året er 1293 og staden er Grønland. Her blir vi kjende med tenåringen Arnar som jaktar på kvalross i den iskalde fjorden ved Vesterbygda, og vi får eit intenst og truverdig bilde av det harde livet på Grønland i mellomalderen.

Bergsveinn Birgisson har ein doktorgrad i norrøn filologi og bur for tida i Bergen. Han blei nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen Svar på brev frå Helga (2012) og til Brageprisen i kategorien sakprosa for Den svarte vikingen i 2013. Denne boka handlar om forfattarens eigen stamfar tretti slektsledd tilbake i tid, kongssonen Geirmund Heljarskinn frå Rogaland som flyktar frå Harald Hårfagres regime og slår seg opp på Island på 800-talet. I 2016 gav Birgisson ut Soga om Geirmund Heljarskinn, med same hovudperson som han skreiv faglitterært om i Den svarte vikingen. Kven var denne Geirmund Heljarskinn, og korfor har ettertida prøvd å gløyme han?

Arrangementet er gratis
Logen bar på Hordaland teater 11. april kl. 18.00

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet, Norli Strandgaten og Hordaland Teater

Arrangementet er en del av Norsk Forfattersentrums satsning i Bokåret 2019

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa