Nærbilde på Dei litterære festpela

Ragnar Hovland innleier om festspeldiktar Steffen Kverneland. Erle Marie Sørheim samtaler med festspeldiktaren om forfattarskapen hans og prosessen bak den sjølvbiografiske teikneserieboka En frivillig død.

Nærbilde på Dei litterære festpela

Stad: Litteraturhuset i Bergen
Tid: Torsdag 25. mai kl. 19.00
Bill.: Kr 250/200 (stud). Følg denne lenka for kjøp av billettar på Ticketco

Norsk Forfattersentrum er utruleg stolte over å kunne presentere Steffen Kverneland som festspeldiktar under Dei litterære festspela i Bergen i mai!

Foto: Hans Erik Lindbom

I Steffen Kvernelands forfattarskap bygger det eine verket på det andre, i ei kontinuerleg utforsking av form og eksistensielle spørsmål. Med stadig nye uttrykk krinsar han rundt kunst, kunstnarliv, biografi og sjølvbiografi. Det leikne og organiske uttrykket vippar mellom beksvart alvor og overraskande humor – slik livet ofte gjer.

Tar kunstnarromanen til eit nytt nivå
Med den moderne klassikaren Munch tar Kverneland i 2013 kunstnarbiografien til eit heilt nytt nivå. Gjennom Kvernelands briljante gjenskapingar av Munchs bilete kjem vi tett på både Munch og Kverneland sjølv, med stort overskot, burlesk humor og djupt alvor. For denne boka fekk Kverneland, som første teikneserieforfattar nokon gong, Brageprisen i klassa for sakprosa.

Den sjølvbiografiske teikneserieboka En frivillig død frå 2018 er eit vakkert og sårt portrett av far hans, som ikkje ville leve. For En frivillig død vart Steffen Kverneland i 2022 den aller fyrste vinnaren av Bibliotekenes litteraturpris. Oppvekstskildringa Slyngel de luxe kom i 2019 og Brillegeit i 2021. Brillegeit følger Steffen frå barndom i Haugesund, skulegang, kunstnaren som ung mann og student i Bergen, til han prøver å etablere seg som teiknar i Oslo. Brillegeit har fått glitrande meldingar. «Dette er next level künstlerroman», skreiv Asle Sætre i Serienett. Kverneland er mottakar av Haugesund kommunes kulturpris 2023.

Ein særprega miks
Valet av festspeldiktar er gjort av arbeidsutvalet ved Norsk Forfattersentrum Vestlandet. Arbeidsutvalet meiner at bøkene til Kverneland, med stort emosjonelt trykk og ein personleg stil, viser nye vegar for forteljarkunsten og kunstformidlinga. Her er utdrag frå grunngjevinga, skrive av Marit Eikemo:

Årets festspeldiktar er forteljar av stort internasjonalt format. Gjennom eit omfattande og rikt kunstnarskap utvidar Steffen Kverneland rommet for kva ei forteljing er – og kan vere – med sin særprega miks av biografi, teikneserie, foto, fortid og samtid. Med sine virtuose teikningar og nøkterne språk formidlar han på meisterleg vis kva som formar eit menneske og ein kunstnar. Enten det handlar om ei brillegeit frå Haugesund si kunstnariske oppvakning, Edvard Munch, eller ein far som ikkje ville leve.

Heile grunngjevinga kan lesast her: De litterære festspill 2023 | Festspeldiktar Steffen Kverneland

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa