Litterær haustfest – Boksamtale med Sigrid Agnethe Hansen

Forfattar Sigrid Agnethe Hansen kjem til Nordnorsk litteraturfest!

Litterær haustfest – Boksamtale med Sigrid Agnethe Hansen

Foto: Marius Fiskum

Velkomen til bokbad med Sigrid Agnethe Hansen om den nye romanen hennar, Du veit ingenting (Samlaget, 2023). Samtaleleiar er Christina Stensland Olsen.

‍Om romanen
‍
Tina si veslesøster, Erika, er ikkje som andre småsøsken. Ho kjem alltid i første rekke hos foreldra, og no er Tina lei. Korfor må det vere sånn?

Du veit ingenting handlar om å lengte etter det som kunne ha vore, om vennskap og om å stå opp for nokon andre når det verkeleg trengst.

Om forfattaren
Sigrid Agnethe Hansen (f. 1989) kjem frå Bergseng i Harstad og bur i Tromsø. Ho er utdanna ved Nynorsk mediesenter i Førde, og har tidlegare arbeidd i NRK Troms. For tida er ho tilsett i Sparebank1 Nord-Norge. Hansen debuterte med ungdomsromanen Ser du dette? i 2020. Du veit ingenting er den andre boka hennar.

Inngang
‍
Arrangementet er ope for alle, og gratis for dei under 18 år!
Festivalbokhandelen Norli stiller med boksal før og etter samtala.

Billettar: her

Arrangør: Nordnorsk litteraturfest og Norsk Forfattersentrum Nord-Norge

‍