Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Ein høyrer gjerne om den einsame forfattaren. Men: kva er myte og kva er røynd, kva er godt og kva er dårleg? Ligg kanskje einsemda ein annan stad enn ein skulle tru? Og korleis finne den riktige balansen mellom nødvendig tilbaketrekking og det å vere tilstades i fellesskapen og i verda? Dette er noko av det Ruth Lillegraven planlegg å snakke om denne laurdagen. Tid er eit viktig tema i Lillegravens bøker, og vil nok bli det også her. Det kan også vere at både forteljande dikting, musikalske samarbeid og fiktive og reelle folk i og utanfor bøkene blandar seg inn og blir ein del av forfattarførelesinga.
Arrangør: Norsk forfattersentrum, Tiden og Dagsavisen