Velkommen til Kort og godt, ei serie arrangement med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Den allsidige forfattaren Ruth Lillegraven er kveldens hovudgjest, og ho har valt seg temaet generasjonar. Gjestane til Ruth Lillegraven er April Alexandersdottir, Susanne Christensen og Leander Djønne. Det vil bli opplesingar frå alle fire forfattarane, og på kva slags måte tekstane deira kastar lys over omgrepet generasjonar, gjenstår å sjå.
Når: Tysdag 27. januar, kl.19.30
Kvar: Skifte (gamle Logen bar), Det Vestnorske Teateret, Ole Bullsplass, Bergen sentrum
Billettar: "Betal det du kan" - betal i døra eller via lenke (kjem snart)
Ruth Lillegraven (fødd i 1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og har gitt ut kring tjue bøker for barn og vaksne i ulike sjangrar, og mellom anna fått Brageprisen og Nynorsk litteraturpris. Dei to første bøkene om Clara Lofthus, Alt er mitt (2018) og Av mitt blod (2021) er utgitt på til saman ni språk, og filmrettane blei raskt selde. Mitt neste liv (2025) avsluttar trilogien.
April Alexandersdottir er fødd i Oslo i 2004. Ho har gått på Nansenskolen i Lillehammer og Skrivekunstakademiet i Bergen. Romanen Ruby Baby (2025) er hennar første bok.
Susanne Christensen (fødd i 1969) er dansk-norsk litteraturkritikar og essayist. Hun har mellom anna skrive for Klassekampen, Morgenbladet og Vagant. I 2011 vart ho kåra til Årets kritikar, og same år kom tekstsamlinga Den ulne avantgarde. Christensen har blitt nominert til Kritikerprisen og har fått Georg Brandes-prisen i Danmark. I fjor debuterte ho skjønnlitterært med Svalene sover på månen som er nominert til P2-lytternes romanpris.
Leander Djønne (f. 1981) er forfattar, biletkunstnar, lærar og gardbrukar frå Hardanger. Han debuterte med Oskespiralen i 2022, ein debut som blei hylla av kritikarane og som vann Lytternes romanpris 2022. For Alt et vann han Brageprisen.
Kort og godt er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, og er støtta av Bergen kommune. I vår skal vi ha tre slike arrangement som set fokus på ulike vestlandsforfattarar sine verk. Dei neste hovudgjestane er Erlend Nødtvedt i februar, og deretter Brynjulv Jung Tjønn i mars. Hurra!

.jpg)






