Velkommen til Kort og godt, ei serie arrangement med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Den kritikarroste forfattaren Hilde Kvalvaag er kveldens hovudgjest. Ho har valt seg råskap som tema for kvelden, og dei inviterte forfattarane er Eli Fossdal Vaage, Eivind Riise Hauge og Sandra Lillebø. Det blir opplesingar frå alle fire forfattarane, men på kva slags måte tekstane deira kastar lys over temaet, gjenstår å sjå.
Når: Onsdag 21. oktober kl. 19.30
Kvar: Byrommet, Kong Oscarsgate 24-26, Bergen sentrum
Billettar: "Betal det du kan" - fra kr 50,-
Hilde Kvalvaag har gitt ut tre romanar for vaksne, den seinaste tidlegare i år; Kvinner som går (2026). Ho har også skrive romanar for ungdom. Kvalvaag jobbar med skrive- og kunstterapi for menneske med psykoselidingar på DPS i Fyllingsdalen, Bergen, samt på psykoseavdeling på Sandviken sykehus.
Eli Fossdal Vaage bur i Bergen, er utdanna ved - og jobbar no ved - Skrivekunstakademiet i Bergen. Ho debuterte i 2014 med diktsamlinga Hekla myter, og i 2019 kom Estalåni, den andre diktsamlinga hennar. For desse fekk ho Bokhandelens forfatterstipend. I 2021 utga ho novellesamlinga Grå hoppe. Dei Vaksne kom tidlegare i år og er den første romanen hennar.
Eivind Riise Hauge er forfattar, samtaleleiar og bibliotekar i Bergen fengsel. Hauge debuterte i 2010 med novellesamlinga Victor Tukmakovs siste vinter. Han er en allsidig forfattar og har gitt ut fleire romanar, sakprosa, skodespel, novelle og essays. I tillegg er han blant dei mest brukte samtaleleiarane i Bergen. Hans førebels siste roman er Halvard Borges forbrytelser som kom i 2024.
Sandra Lillebø er forfattar og leiar ved Skrivekunstakademiet. Ho debuterte i 2011 med diktsamlinga Navnet på den ensomme er frigitt. I 2016 kom hennar andre bok, diktsamlinga Alt skal skinne og blø. Lillebøs første roman, Tingenes tilstand, utkom i 2020 til strålande kritikk, og i 2023 kom romanen En fransk familie. Lillebø ble tildelt Bjørnsonstipendet i 2021. Romanane hennar er også utgitt i Sverige og Danmark. I år er hun aktuell med romanen Vera.
Kort og godt er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, og er støtta av Bergen kommune og Forfattersentrums medlemsfond. I haust skal vi ha to eller tre slike arrangement som set fokus på ulike vestlandsforfattarar sine verk.
Byrommet er vår nye medarrangør! Arrangementene våre finn stad i kafeen, der du kan kjøpe deg mat og drikke (øl/vin/mineralvatn).







