Korleis bli ein betre litteraturformidlar?

Bli med på eit inspirerande kurs med sceneinstruktør og produsent Frøydis Flotve!

Korleis bli ein betre litteraturformidlar?

Er du forfattar eller litteraturformidlar og ønskjer å bli tryggare og meir tydeleg i formidlinga di? Bli med på eit inspirerande eindags kurs med Frøydis Flotve. Kurset har ein plass til ein person til!

Om kurset
Kurset gir konkrete tips til formidlingssituasjonen, ut frå dei rammene og ønska du har. Kurset passar for forfattarar, bibliotekarar, museumstilsette og andre litteraturformidlarar. Du får prøve ut og vidareutvikle tankar rundt eiga formidling, samt inspirasjon til nye idear og element. Det blir arbeid både individuelt og i grupper.

Det finst ingen rett måte å formidle på. Alle må finne sin stil som heng saman med kven du er og kva du formidlar. Kva er målet? Kva er utfordringa? Korleis bli tydelegare i formidling av bodskap verbalt og fysisk? Kva er det viktigaste som skal til for at formidlinga blir bra?

Om Frøydis Flotve
Frøydis Flotve er utdanna innan drama og teater, samt spesialpedagogikk og litteraturvitskap frå NTNU. Ho har arbeidd som prosjektleiar og -medarbeidar, og ho har hatt oppdrag som skodespelar og instruktør for teatergrupper, kurs og produksjonar. Flotve bur i Os i Hordaland og arbeider no i sitt eige føretak Teaterfrø, der ho blant anna har utvikla ulike kurs i litteraturformidling. Sjå heimesida til Teaterfrø.

Tid og stad
Torsdag 16. januar 2020 kl. 10–17
Trondheim, Scandic Nidelven, Havnegata 1-3

Kursavgift
Maks 14 deltakarar
Ordinær: kr 1000
Frilansarar og medlemmar i Norsk Forfattersentrum: kr 250
Kaffe, pausemat og nydeleg lunsj kl. 13 er inkludert.

Påmelding
Påmeldingsfrist: torsdag 2. januar

[contact-form-7 id="16120" title="Kurs i litteraturformidling - Trondheim"]

Meir informasjon, kontakt:
Guri Sørumgård Botheim: 21 09 57 72 / 97 03 16 24 | guri@forfattersentrum.no
Siri Aurland Bredesen: 48 14 99 21 | siri.aurland.bredesen@forfattersentrum.no

Arrangør
Arrangør: Litteraturhuset i Trondheim og Norsk Forfattersentrum Midt-Norge.
Støtta av: Norsk kulturråd.

Kurset er ein del av prosjektet LiM - Litteraturformidling som næring i Midt-Norge.
Målet med prosjektet er å knyte forfattarar, litteraturformidlarar og arrangørar i regionen tettare til kvarandre og bidra til profesjonalisering.
Les meir om prosjektet: Klikk her

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa