Finn din sjanger: Det unike i det lokale. Marit Eikemo om novella

I eit skur på Kvanndal Kai deler tre framande ei flaske sprit ei natt opp mot jul. Ei mor og ei dotter køyrer innover dei farlege vegane i Hardanger – mora vil vise den likesæle tenåringsjenta kor ho sjølv kjem ifrå. Ein mann lagar 50 liter sider på bestilling, men det går ikkje heilt etter planen.

Eikemo kjem for å snakke om novella. Ho er aktuell med novellesamlinga Hardanger, der mange av novellene handlar om å reise bort og om å komme heim. Men, også om å alltid bere med seg staden ein kjem ifrå. Eikemo skriv om det innforståtte og unike i det lokale og om det alle kan kjenne seg att i: fellesskap, vennskap og kjærleik og ambivalensen i relasjonane mellom menneske. Eikemo kjem for å

Marit Eikemo er frå Odda og bur i Bergen. I tillegg til å ha gitt ut ei rekke romanar har ho jobba som redaktør og vore festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda. Ved sidan av å være forfattar er ho i dag dagleg leiar for Cornerteateret i Bergen. Eikemo er ein av våre fremste samtidsforfattarar, og er aktuell med novellesamlinga Hardanger. Hennar innsikt i menneskelege relasjonar og evna hennar til å beskrive ulike personlegdommar resulterer ofte i fortetta forteljingar om interessante og komplekse karakterar, og relasjonane dei i mellom.

Onsdag 6. november kl. 18.00 på Stord folkebibliotek

Arrangementet er en del av Norsk Forfattersentrums satsning i Bokåret 2019, under vignetten «Finn din sjanger» og gjennomføres i samarbeid med Stord folkebibliotek og Falturiltu. Arrangementsrekka «Finn din sjanger» presenterer bøker og forfattere innenfor et bredt spekter av litterære sjangre, gjennom forfattersamtaler over hele landet. Samtalene gir innblikk i forfatternes egne arbeidsmåter og erfaringer. Målet med samtalene er å trigge lesegleden hos publikum gjennom sjangerutforskning, ved å se på sjangerens konvensjoner, overlapp, brudd og fargesprakende muligheter. Les mer her: https://forfattersentrum.no/finn-din-sjanger/