Forfattarane Ingrid Nielsen og Øyvind Rimbereid møtast til litterær samtale om det å være to skapande menneske, som også er gift med kvarandre. Dei er begge poetar, Nielsen er i tillegg professor i litteratur ved Universitetet i Stavanger. Samtala leias av Garborgsenteret sin eigen Ørjan Zazzera Johansen, som vil komme innom korleis det er å være to kreative menneske i ein så tett relasjon som eit ekteskap er; er det inspirerande, utviklande, kan det til og med være konkurranseprega nokre gonger? Kva slags likskapar og skilnadar finst i arbeidsmetodane deira, i synet på kunst, i uttrykka, forma og innhaldet i det dei skriv? Sidan samtala tross alt føregår på Garborgsenteret, kjem vi heller ikkje unna parallellen til Hulda og Arne Garborg.
Kvar: Garborgsenteret, Hetlandsgata 11, 4344 Bryne
Når: Søndag 22. februar, kl.14.00
Billetter: Kr 100,- kan kjøpast i døra eller her
Konseptet Familieterapi er utvikla av Norsk Forfattersentrum. Dette er det andre i ei rekke arrangement som føregår på ulike stader i Rogaland. Dette arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Garborgsenteret, og er støtta av Rogaland Fylkeskommune og Norsk Forfattersentrums medlemsfond.








