Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
Med Olaug Nilssen og Lars Amund Vaage. Kva skjer med forfattaren som møter den tause stemma i sin eigen heim, i sitt eige barn? Korleis skrive om ei røynsle som ikkje berre vedkjem ein annan – men ein som ikkje sjølv kan ta ordet og ta til motmæle? Kvar går grensa mellom å ta ansvar for ein annan, og å ta seg til rette i livet til ein annan?
DEL
Med Olaug Nilssen og Lars Amund Vaage.
Kva skjer med forfattaren som møter den tause stemma i sin eigen heim, i sitt eige barn? Korleis skrive om ei røynsle som ikkje berre vedkjem ein annan – men ein som ikkje sjølv kan ta ordet og ta til motmæle? Kvar går grensa mellom å ta ansvar for ein annan, og å ta seg til rette i livet til ein annan?
Med ein generasjons mellomrom har to forfattarskap vakse fram med klangbotn i den same, livsendrande røynsla: Å få eit barn med autisme. Med utgangspunkt i deira nyaste bøker, møtest Olaug Nilssen og Lars Amund Vaage til ein samtale om etikk, poetikk og den umogelege, men nødvendige, litteraturen. Intervjuar: Sandra Lillebø.