Dei Litterære Festspela 2021

Festspeldiktaren har invitert nokre av sine favorittforfattarar til Dei Litterære Festpela.

Dei Litterære Festspela 2021

Ikkje drøl! Vi har no lagt ut eit lite antal billettar hjå Norli Strandgaten.

I grunngjevinga for valet av Tormod Haugland som Festspeldiktar, skriv Annette Mattsson:

«Årets Festspilldikter lodder dypt, med stort alvor og stor humoristisk sans. Han liker å utfordre og kan finne på å bryte ut i det performative med sang og komikk på scenen under opplesning av tekstene sine.
Tormod Haugland er for lengst ferdig med sceneskrekken, og han er heller ikke redd for å bryte med konvensjonene. Som den lekne og eksperimenterende forfatteren han er, har han utforsket flere skrivemåter, uttrykksmåter og publiseringsmåter, og skrevet innenfor de fleste sjangre. Etterhvert har han konsentrert seg mer om romanformen».

Tormod Haugland er født på Radøy i 1962, der han framleis er busett. Han er utdanna agronom og har hovudfag i grafisk illustrasjon frå Kunsthøgskulen i Bergen. I 1994 debuterte Haugland som forfattar med romanen Under. Sidan har han gjeve ut noveller, dikt, dramatikk og fleire romanar. I 2017 blei han nominert til P2-tilhøyrarane sin romanpris for Om dyr og syn, der lesaren følgjer odelsguten Tormod som skal ta over familiegarden, men som i staden blir trekt mot kunsten. Den frittståande oppfylgjaren Om søvn og mørke kom i 2019 og hausta gode kritikkar.

Her finn du heile grunngjevinga og presentasjonar av forfattarane.

Program

TORSDAG 20. MAI

VORSPIEL
Norli Strandgaten, Bergen kl. 20.00

Festpeldiktar Tormod Haugland i samtale med redaktør Øyvind Ellenes om romanen Om livet på jorda

Arrangementet er gratis
Påmeldinger til strandgaten@norli.no med namn og telefonnummer på deltagere

FREDAG 21. MAI

BLANDA DROPS
Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 19.00

Opningstale ved Odd W. Surén. Festspeldiktaren presenterer gode forfattarkollegaer. Opplesingar ved Victoria Kielland, Inghill Johansen, Øyvind Rimbereid, Laila Stien og Festspeldiktar Tormod Haugland.

Bill. kr 150/120 (stud.) kan kjøpast hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e­post: strandgaten@norli.no Obs! Laurdag ope til klokka 18.00
Reserverte billettar må hentast innan ein halv time før arrangementa startar.

Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.
Billettar til den digitale sendinga finn du her https://litthus.ticketco.events/no/nb/e/dei_digitale_litteraere_festspela_blanda_drops

LAURDAG 22. MAI

NÆRBILETE
Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 14.00

Djupneintervju med Tormod Haugland.
Intervjuar Sandra Lillebø.
Eit uformelt møte med Festspeldiktaren og hans forfattarskap.

Bill. kr 150/120 (stud.) kan kjøpast hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e­post: strandgaten@norli.no Obs! Laurdag ope til klokka 18.00
Reserverte billettar må hentast innan ein halv time før arrangementa startar.

Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.
Billettar til den digitale sendinga finn du her https://litthus.ticketco.events/no/nb/e/dei_digitale_litteraere_festspela_naerbilete

KVA TREKKJER FORFATTARANE MOT ROMANEN?
Auditoriet, Litteraturhuset i Bergen, kl. 18.30

Innleiing ved Frode Helmich Pedersen om Festspeldiktaren sitt romanforfattarskap. Han leiar og samtalen om romankunsten med Nina Lykke, Ole Robert Sunde, Gunnhild Øyehaug, Thure Erik Lund og Festspeldiktar Tormod Haugland. Forfattarane vil lesa korte utdrag frå eigne utgjevingar.

Bill. kr 150/120 (stud.) kan kjøpast hos Norli Strandgaten, tlf: 40434544 eller e­post: strandgaten@norli.no Obs! Laurdag ope til klokka 18.00
Reserverte billettar må hentast innan ein halv time før arrangementa startar.

Digital billett kr 100.-
Alle inntektene frå dette billettsalet går til eit stipend som Festspeldiktaren vil dele ut til ein ny og lovande forfattar.
Billettar til den digitale sendinga finn du her https://litthus.ticketco.events/no/nb/e/dei_digitale_litteraere_festspela_kva_trekkjer_forfattarane_mot_romanen

Program med atterhald om endringar.
Arrangementa vil bli gjennomført digitalt om offentlege myndigheiter ikkje tilrår fysiske arrangement

Dei Litterære Festspela er støtta av:

Her finn du heile grunngjevinga

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa