Dei Litterære Festspela 2014

Her finn du heile programmet for Dei Litterære Festspela 2014 i Bergen.

Dei Litterære Festspela 2014

I grunngjevinga for valet av Frode Grytten heiter det mellom anna:
Frode Gryttens stil er umiskjenneleg. Skjønnlitteraturen hans er inderleg og manande, men har også humor, skarpe karakteristikkar og kraftig klo. Han kjem stadig tilbake til industristaden Odda, men tekstane hans er først og fremst portrett av menneske og relasjonar. Frode Grytten skriv om den vanskelege kjærleiken, anten det gjeld ein kjærast, omsorgsperson, ein plass eller eit band.
Sjå heile grunngjevinga her

Frode Grytten (f. 1960) debuterte i 1983 med diktsamlinga Start. Seinare har han skrive romaner, noveller, dikt og barnebøker. For Bikubesong (1999) fekk han Brageprisen og den blei også innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. Teaterversjonen av Bikubesong hausta strålende kritikkar og trakk fulle hus både i Oslo og Bergen. Han fekk Rivertonprisen for kriminalromanen Flytande bjørn i 2005, og for Rom ved havet, rom i byen fekk han Melsomprisen i 2008.

TORSDAG 22. MAI
Kl. 19.00 – Olav H. Hauge, Litteraturhuset i Bergen

EIT BUR SOM JAKTAR EIN FUGL. NOVELLEKVELD
Frode Grytten presenterer Laila Stien, Gunnhild Øyehaug, Line Berg, Rønnaug Kleiva, Annette Mattsson og Maria Børja.

Bill: kr. 100/80 – Billettsal hos Norli Galleriet, fram til ein time før arrangementet. Tlf: 55214280 – e-post: galleriet@norli.no

FREDAG 23. MAI
Kl. 18.00 Lille Ole Bull Scene

6 TIMAR TIL MIDNATT
Frode Grytten i eit maratonintervju med kollega, ven og journalist Finn Tokvam. Vi oppmodar publikum om å kome med spørsmål. Festspeldiktaren får også sjanse til å stille seg sjølv dei spørsmåla han i alle år har drøymt om å få.
Opplesing ved Tomas Espedal, Henning H. Bergsvåg og Erlend O. Nødtvedt.

Bill: kr. 100/80 – Billettsal hos Norli Galleriet, fram til ein time før arrangementet. Tlf: 55214280 – e-post: galleriet@norli.no

LØRDAG 24. MAI
Kl. 13.00 – Alver, Litteraturhuset i Bergen

GABBA GABBA HEY! TEKST OG MUSIKK FOR DEI MINSTE.
Frode Grytten, Mads Berven, Marvin Halleraker og Christine Sandtorv.

Bill: kr. 30 – Billettsal hos Norli Galleriet, fram til ein time før arrangementet. Tlf: 55214280 – e-post: galleriet@norli.no

LØRDAG 24. MAI
Kl. 15.00 – Norli Galleriet
FRODE PREIKAR OM SEG SJØLV IGJEN
Festspeldiktaren snakkar om biografisjangeren og romanen Brenn huset ned.

Gratis inngang

LØRDAG 24. MAI
Kl. 19.00 – Chagall, Vaskerelven

OK, NOK PREIK! FEST! MUSIKK! FRODE GRYTTEN BEATBAND MED GJESTER
Frode Grytten har valt gjester frå øvste hylle når poesi blir blanda med musikk. På scena står Stein Torleif Bjella, Thea Hjelmeland, John Olav Nilsen og NilsØivind Haagensen.
I ryggen har dei festspeldiktarens eige band: Pedro Carmona-Alvarez, Annlaug Børsheim, Michael Barnes, Tor Bjarne Bjelland, Ole Amund Gjersvik, Einar Sogstad.

Bill: 250/200
Arrangementet er eit samarbeid med Festspillene i Bergen
NB! Til dette arrangementet MÅ du kjøpe billettar hos www.billettservice.no, telefon 815 33 133 eller på Narvesen, 7-Eleven og andre utsalsstader for Billettservice.

MØTEPLASSEN

Møteplassen er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Festspillene i Bergen. Gratis inngang på alle arrangement.
SØNDAG 25. MAI
Kl. 14:00 – Chagall
Lars Amund Vaage og Leif Ove Andsnes snakkarom Beethoven, basert på Andsnes innspelingar.
Lengde: ca. 45 min

ONSDAG 28. MAI
Kl. 17:00 – Chagall
Hanne Elisabeth Bramness og Solveig Kringlebotn snakkar om vår oppfatting av Edvard Grieg.
Lengde: ca. 45 min

TORSDAG 29. MAI
Kl.14:00 – Chagall
Paal-Helge Haugen snakkar med Steve Reich (Stephen Michael Reich) om komposisjon og mottaking av Reich sine verk.
Lengde: ca. 45 min


Toppfoto: Paal Audestad/Ill.:Tønnes H. Gundersen

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa