Are Kalvø har gjort mykje rart. Mykje av det har han gjort på scenen. I boka Are Kalvø på scenen har han samla nokre av dei beste scenetekstane sine. Og – la oss seie det som det er – ein del av dei nest beste. Han fortel også historier om og frå det middels ville livet på scenen, frå den første blasfemianklagen i tredjeklasse, russerevyen i heimbygda Stranda, til karrieremilepælar som standupdebuten på homseklubb og det første trusselbrevet, som naturligvis kom frå Sykkylven. På Litteraturhuset lover Kalvø at det blir både høgtlesing, framføring og forsøk på å svare på spørsmåla til Finn Tokvam.
Litteraturhuset i Bergen, 7. oktober kl. 21.00
kr 150/120 (stud./honnør/ BT-kort)
Billettsalg hos Norli Galleriet, tlf: 97 47 82 41 frem til 1 time før arrangementet. Du kan også kjøpe billetter i døren. Norli selger forfatternes bøker under arrangementene.
FORFATTERSLEPPET ER STØTTET AV