3 x Olaug om omsorg

I vår nye arrangementserie inviterer vi ein forfattar til å leie tre samtalar om eit og same tema. Først ut er Olaug Nilssen som snakkar om omsorg med tre av sine forfattarkollegaer. Til arrangement nummer to kjem Eivind Hofstad Evjemo

3 x Olaug om omsorg

Foto: Julia Naglestad og Eivind Senneset

I denne arrangementsserien inviterer vi ein forfattar til å samtale med tre kollegaer om eit sjølvvald tema. Dette er den andre samtala styrt av Olaug Nilssen, og til denne har ho invitert forfattar Eivind Hofstad Evjemo.

Kvar samtale vil kaste lys over temaet omsorg, på ulike måtar. Kva er omsorg? Dersom ein slår opp på internett etter ein definisjon, fokuserer dei første treffa på det å bry seg om andre. Ein stad står det at omsorg er "å passe nokon", ein annan stad står det at det er  "å omfatte med en kjærlig oppmerksomhet." Men kva er omsorg når nokon har omsorgsplikt? Kva er profesjonell omsorg? Kva er god omsorg? Og kva skjer med den som ingen har omsorg for? Dette er spørsmål Olaug Nilssen og Eivind Hofstad Evjemo vil diskutere i denne andre samtala i serien. Begge forfattarane har tematisert omsorg på ulike måtar i sine forfattarskapar, og vi vil få høyre dei snakke om temaet slik det relaterer til litteraturen og samfunnet elles.

Når: Torsdag 4. april kl.20.00

Kvar: Skifte, Det Vestnorske Teateret

Er det gratis? Ja, det er berre til å dukke opp. Ein trenger ikkje booke plass

Eivind Hofstad Evjemo debuterte med romanen Vekk meg hvis jeg sovner (2009) som han mottok Tarjei Vesaas' debutantpris for. For sin andre roman, Det siste du skal se er et ansikt av kjærlighet (2012), mottok han mellom anna Ungdommens kritikerpris. I 2014 kom Velkommen til oss, som var ein av dei første romanane som tematiserte terrorkatastrofa 22. juli skjønnlitterært. I 2015 blei han kåra til ein av de ti beste norske forfattere under 35 år i en kåring i samarbeid med avisa Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival. I år er forfattaren aktuell med romanen Ingens herre, ein roman om å være langt heimefrå, om rasjonaliteten i det industrielle jordbruket, og om kva det gjer med menneska og dyra som ikkje har noko anna val enn å leve i det.

Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin, og i 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue. Nilssens foreløpig siste bok er Uønska åtferd som kom i fjor.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er realisert med tilskot frå Bergen kommune og Fritt Ord.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa