3 x Olaug om omsorg

I vår nye arrangementserie inviterer vi ein forfattar til å leie tre samtaler om eit og same tema. Først ut er Olaug Nilssen som skal samtale om omsorg med tre av sine forfattarkollegaer. Til det første arrangementet kjem Birger Emanuelsen

3 x Olaug om omsorg

Foto frå venstre: Maria Kleppe Vihovde/Cappelen Damm og Eivind Senneset

Kvar samtale med Olaug Nilssen vil kaste lys over temaet omsorg, på ulike måtar. Kva er omsorg? Dersom ein slår opp på internett etter ein definisjon, fokuserer dei første treffa på det å bry seg om andre. Ein stad står det at omsorg er "å passe nokon", ein annan stad står det at det er  "å omfatte med en kjærlig oppmerksomhet." Men kva er omsorg når nokon har omsorgsplikt? Kva er profesjonell omsorg? Kva er god omsorg? Og kva skjer med den som ingen har omsorg for? Dette er spørsmål Olaug Nilssen og Birger Emanuelsen vil diskutere i den første samtala i serien. Begge forfattarane har tematisert omsorg i sine forfattarskapar, og i vår er Emanuelsen bokaktuell med sakprosasamlinga Før de forsvinner. Her undersøkjer og utfordrar han våre førestillingar om barn. Gjennom eit rikt kildetilfang skriv han om barn sin verdi og betydning, korleis vi får oss til å behandle dei, og kva det eigentleg inneber å vere foreldre.

Når: Onsdag 21. februar, kl.20.00

Kvar: Skifte, Det Vestnorske Teateret

Er det gratis? Ja, det er berre å dukke opp.

Birger Emanuelsen har bakgrunn som rådgjevar, forlagsredaktør og debuterte i 2012 med den kritikerroste novellesamlinga For riket er ditt. For romanen Fra jorden roper blodet (2014) fekk han Ungdommens kritikerpris og Sørlandets litteraturpris. Sidan har han gitt ut fem kritikerroste romanar. I år er han aktuell med sakprosasamlinga Før de forsvinner

Olaug Nilssen fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I romanen Tung tids tale, som ho fekk Brageprisen for, fortel ho med ei uvanleg openheit om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I 2019 fekk ho Doblougprisen for forfattarskapen sin, og i 2021 fekk ho Fritt Ords pris i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue. Nilssens foreløpig siste bok er Uønska åtferd som kom i fjor.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er realisert med tilskot frå Bergen kommune og Fritt Ord.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa