Lukk søk

Liste over bokutgivelser kommer her.

Den snart ti år gamle Spencer Gilmour har flytta frå Skottland til ei lita øy i Noreg saman med mora Fiona. Der bur dei med Sjur, kjærasten hennar. Både Spencer og Fiona saknar Drumnadrochit, heimstaden ved Loch Ness.
Om kveldane fortel Fiona om sjøormen Nessie, som ho er overtydd om finst i det mørke djupet. Fiona er sjuk, og ho trur at Nessie er den einaste som kan hjelpe henne. Derfor reiser ho, Spencer og bestevenen hans, Tobbe Solfødt, til Skottland.
Alt den fyrste natta vekkjer Fiona Spencer og får han med seg ut på Loch Ness i ein gammal robåt. Spencer vil helst snu. Men ute på den mørke sjøen skjer det noko han ikkje kan forklare, og som han ikkje veit om han kan fortelje til nokon.

Ti år gamle Frankie Fure har mista venstrefoten og fått livet snudd på hovudet. Han brukar ein stålprotese han kallar Pingle P, men kvardagen er tung: mobbing på skulen, sakn etter farfaren og smerter i ein fot som ikkje lenger finst. Men så skjer noko. Når Frankie ligg i senga og kjenner på fantomsmerter, byrjar han å kalle dei fantomfantasiar - og døra opnar seg til ei magisk verd. Gjennom dagdraumar og fantasiar skapar han ein røyndom der alt kan hende, og vi blir med inn i grensa mellom det verkelege og det fantastiske. Forteljinga om Frankie viser korleis fantasien kan gjere ein vanskeleg kvardag både rikare og meir uthaldeleg for ein kreativ gut.

I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.

Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made