Lukk søk

Liste over bokutgivelser kommer her.

Småsøsken er stas. Men ærleg talt litt stress òg ...
Anna skal få ein bror. Han ligg i mammas mage. Han må berre komme seg ut. Anna gler seg ikkje. Ho har alt ein bror. Så ho veit koss det blir. Det blir skrik og bæsjelukt.
Gratulerer, Anna! er ei gåve til barn som er storesøsken og framleis små. For det er jo ikkje berre stas med nye babyar og yngre søsken - særleg ikkje når dei stel heile merksemda til ei nybakt mamma og ein litt sliten pappa.
Forteljinga om Anna er skriven og illustrert med kjærleik og eit glimt i auget. Boka er i lite format og enkel å ta med dit familien skal: Kjekk å ha når ein liten storebror eller storesøster treng trøyst eller oppmuntring på eit mamma- eller pappafang. (Og nokon andre held babyen.)

Korleis såg verda ut for barn som levde for fleire tusen år sidan?
Denne boka tar dei unge lesarane med gjennom verdshistoria – frå steinalderbarna som gjekk på jakt med kvasse spyd, til jenta som sanka korn langs Nilen, og guten som arbeidde lange dagar i ein farleg fabrikk.
Gjennom levande forteljingar får vi sjå at historia vår ikkje berre handlar om kongar og store hendingar, men òg om kvardagslivet til barna som har levd midt i det heile. For historia handlar ikkje berre om vaksne, men også om barn og korleis dei har vore med på å forme verda vi lever i.
Erna Osland har skrive ei ambisiøs og spennande forteljing om barn som har leika, lært og levd til alle tider. Saman med dei vakre og fargerike illustrasjonane til Victoria Sandøy er boka ei skattekiste for nyfikne barn i skulealder og gir eit engasjerande første møte med verdshistoria.

I Forfattarkatalogen finn du over 1800 forfattarar som tilbyr foredrag, opplesingar, bokbad, skrivekurs og mykje meir. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett forfattar til oppdraget ditt.

Designa og utvikla med Webflow av Norsk Forfattersentrum og We Made