34 % av tiandeklassingane blir rekna som svake i lesing. 41 % av norske gutar les så dårleg at dei vil ha problem med å klare seg i vidare utdanning, fortel Nordtun til NRK.
Kva ligg bak?
PISA-undersøkinga gjev ikkje informasjon om kva som er dei bakanforliggjande årsakene til resultata. Men Nordtun sjølv trekkjer fram på digitaliseringa i norsk skule som ein årsak til den negative utviklinga.
Ingvild Christine Herzog, dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, minner om at tilgangen til bøker er essensiell.
– Desse femtenåringane skulle akkurat entre boksluke-alderen da pandemien traff dei. Barna sat heime i månadsvis i strekk, og bibliotek- og bokhandelbesøk var vanskeleg.

Ein må sjå på kva som skjer rundt barna. Lese- og skrivevanar arvar ein både frå venner, skulen, miljøet rundt seg og frå familien.
– Foreldra må òg få hjelp til å utvikle gode lesevanar, og det er heilt nødvendig med tett oppfølging frå skulen og utdanningsinstitusjonane, seier Herzog.
Skriving og lesing heng saman
Tilsette ved Nasjonalt senter for skriveopplæring, Landslaget for norskundervisning og UiO uttala 31.08.26 at dei er bekymra for skriveferdigheitene til norske elevar. Dei meiner at skriveferdigheitene må reknast med i regjeringa sitt nasjonale leseløft.
«– Eg opplever at skrivinga er gløymd.» Dette uttalar Liv Cathrine Krogh, styreleiar i Landslaget for norskundervisning til NRK. «– Kvar gong ein tenker at det står dårleg til med lesing, så bør ein tenke at det står dårleg til med skriving. Vi ønsker oss at skrivinga får langt meir merksemd». Krogh peikar på at lesing og skriving heng tett saman.
Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum fortel at mange forfattarar skriv for hand, det er ein måte å tenkje på. Elevane må lære å skrive godt på papir.
– Vi må vera på ballen for kommande generasjonar, men vi kan ikkje sleppe taket i desse femtenåringane heller! Å satse på lesing og skriving for heile befolkninga kan ikkje berre vera mat for festtalene, her er det grunnleggjande behov som må møtast, seier Herzog.








