Som artist har Patti Smith gjennom meir enn femti år smelta saman rock og poesi til eit rått og unikt uttrykk, og har kapra hjarta til millionar av trufaste fans verda over. Dei siste åra har ho, frå og med Just Kids (2010), gitt ut eit knippe sjølvbiografiske bøker, der vi møter henne både som poet og historieforteljar. Livshistoria hennar er også ei historie om forfattarar og bøker som står henne nær og har forma henne som menneske og kunstnar. I memoarboka Brød frå englane (2025), er det inderlege forhaldet til litteratur og skrift ein raud tråd. «Det var ordet som først forførte meg, og til ordet skulle eg vende tilbake», skriv ho, og erkjenner at skrivekunsten alltid har vore tyngdepunktet i dei kunstnariske ambisjonane. Ingvild Holvik ser nærmare på Patti Smiths altoppslukande forhold til litteratur, slik det kjem til syne i hennar eigne bøker: Korleis ho frå det første fortryllande møtet med bøkenes verd i barndommen, gjennom eit langt liv har absorbert skjønnlitteratur og pleia relasjonar med både levande og avdøde litterære stemmer, mens ho har utvikla sin eigen forfattarskap.
Ingvild Holvik er forfattar og omsettar. Ho debuterte i 2010 til strålande kritikkar med romanen Lykkefeltet, og har følgt opp med ein stilsikker og gripande forfattarskap, med romanane Premien for alt (2017) og Ho er fri (2020). For hennar siste roman, Reiret (arbeidstittel): roman (2024) fekk ho Havmannprisen i 2025. Ho har også omsett Maren Uthaug til norsk, og blei nominert til Brageprisen for omsettinga si av ungarske Attila Bartis.
Tid: Fredag 2. oktober, kl. 18.30
Sted: Industriommet, Amtmandens, Tromsø
Arrangementet er gratis og ope for alle!
Arrangementet er støtta av Fritt Ord, og er ein del av arrangementsrekka BAUTA i regi Norsk Forfattersentrum Nord-Norge.







