Kva er omsorg? Dersom ein slår opp på internett etter ein definisjon, fokuserer dei første treffa på det å bry seg om andre. Ein stad står det at omsorg er «å passe nokon», ein annan stad står det at det er «å omfatte med en kjærlig oppmerksomhet». Men kva er omsorg når nokon har omsorgsplikt? Kva er profesjonell omsorg? Kva er god omsorg? Og kva skjer med den som ingen har omsorg for?
Dei siste romanane til Olaug Nilssen har blitt kalla «omsorgstrilogien». I Tung tids tale, Yt etter evne, få etter behov og Uønska åtferd, skriv ho om ulike sider ved omsorg for barn med alvorleg funksjonshindring. I føredraget fortel Nilssen om livet som mor til Daniel, eit barn med autisme og psykisk utviklingshemming, og om bøkene ho har skrive om temaet.
Tid: Tystag 14. april, kl. 12.00
Sted: Tromsdalen bibliotek
Arrangementet er gratis og åpent for alle!
Arrangementet er et samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Nord-Norge og Tromsdalen bibliotek.




%20Sara%20Sanderud_1.jpg)


