Mellom sjangrar med Vibeke Tandberg

Vibeke Tandberg gjestar konseptet "Mellom sjangrar" og fortel om krysningspunkt i arbeidet sitt som båe utøvande forfattar og bildekunstnar

Mellom sjangrar med Vibeke Tandberg

Foto: Louise Jacobs

Velkommen til Mellom sjangrar, eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordaland kunstsenter, der kunstnarar og forfattarar blir inviterte til å presentere sjølvvalde litterære verk som ikkje så lett let seg sjangerdefinere.

Denne gong er gjesten kunstnar og forfattar Vibeke Tandberg.

Tandberg har jobba mellom sjangrar heilt sidan ho som billedkunstnar byrja å skrive romanar i 2012.  Med utgangspunkt i Beijing Duck (2012) Hestedagboken (2024) og Radikal (2026) som på forskjellige måtar koplar seg til billedkunst og litteratur, vil ho snakke om metodar og motivasjon og om korleis dei ulike arbeidsprosessane påverker kvarandre.

Når: Onsdag 28. oktober kl.19.00

Kvar: Hordaland kunstsenter, Klosteret 17, Bergen

Er det gratis? Ja, det er gratis. Merk at det er avgrensa mengd med plassar

Vibeke Tandberg er forfattar, bildekunstnar og dramatikar, kjent for sine iscenesatte og manipulerte fotografiske sjølvportrett og absurdistiske romanar. Ho er ein pioner innanfor det digitale bildefeltet som kunstform i Noreg. I tillegg til fotografi jobbar ho med mange andre kunstformar, som til dømes skulptur. Tandberg er representert i ei rekke kunstsamlingar i Norge og i utlandet, deriblant på Kode, Nasjonalmuseet, Moderna Museet‍, Musée d’Arte Moderne de la Ville de Paris, Stedelijk Museum i Amsterdam, Guggenheim Collection og MoMA i New York. I 2017 vann ho Lorck Schives Kunstpris.

‍Mellom sjangrar er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Hordaland kunstsenter, som starta opp seinhausten 2024. Til denne arrangementsserien inviterer me kunstnarar og forfattarar til å presentere litterære verk som er vanskelege å sjangerdefinere. Gjennom presentasjonar av verk som har hatt betydning for bidragsytarane, anten på eit personleg eller praktisk plan, ønsker me å setje fokus på eksperimentelle litterære uttrykksformer, og kaste lys over korleis ein i fellesskap kan snakke og tenke rundt litterære verk som utfordrar kategoriane me er vande å forhalda oss til.

Vi har tidlegare hatt besøk av performancekunstnar, skribent og filosof Carol Stampone, kunstnar og forfattar Lene Berg, kunstnar Annette Kierulf, og forfattar og kabaretartist Gunnar Wærness.

Arrangementet vil føregå på norsk. Serien er støtta av Bergen kommune.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa