Med kjærleg helsing Marit Eikemo

«Eg har hatt ein hang up på Cate Blanchett i mange år. Ho gjer eit uutslettelig inntrykk på meg i kvar einaste rolletolkning. Karakterane hennar borer djupt i dei vilkåra menneske lever under og får alltid fram spørsmål om korleis vi lever liva våre»

Med kjærleg helsing Marit Eikemo

Foto: Skjalg Ekeland

Filmen kjem på denne sida, på facebook og vert tilgjengelig i ei veke.

Marit Eikemo er forfattar frå Odda og bur i Bergen. Ho debuterte i 1999 med intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Den seinaste boka hennar er novellesamlinga Hardanger.

Marit Eikemos bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018.

Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og ho er no dagleg leiar for Cornerteatret i Bergen.  Frå hausten går ho inn som kunstnarisk rådgjevar på Norsk Litteraturfestival.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa