Tid og sted: Logen bar, Det Vestnorske Teater, kl. 19.00. Dørene opnar kl. 18.30
Inngang: Gratis
Alf Kjetil Walgermo er forfattar og journalist i Vårt land. Han debuterte skjønnlitterært i 2006 med ungdomsboka "Mestermøter", der han gir stemme til hundre personar som skal ha møtt Jesus. Sidan har Walgermo skrive kritikarrosa bøker for barn, ungdom og vaksne og er oversett til ei rekke språk. "Mor og far i himmelen" (2009), "Mitt bankende hjerte" (2011) og "Kjære søster" (2015) kan lesast som ein trilogi om eksistensielle spørsmål. Walgermo har også skrive fleire sakprosabøker om bibelen, deriblant "Røff guide til bibelen"(2017), ein kunnskapsrik og lett tilgjengeleg guide til bibelen. I 2020 kom "Bibelens kvinner. Historiene som forma verda" som belyser dei mange kvinneskikkelsane som i bibelforteljingane stort sett står i skuggen av menn.
Med kjærleg helsing er ein serie uformelle møter med forfattarar, som snakkar om tema dei interesserer seg for, men som du kanskje ikkje veit at dei er opptekne av.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er støtta av Fritt Ord.