Kurs i essayskriving under Kapittel 2015

Solveig Aareskjold debuterte som essayist med Kyss meg i diskursen i 1996 og har gjeve ut fire essaybøker til. Då ho i 2011 blei tildelt Neshornprisen, saman med Karl Ove Knausgård, blei det grunngjeve med at ho er ei av dei mest særeigne og originale forfattarstemmene her til lands. Ho skriv kvar veke i Klassekampen i spalta Solveigs salt.

Kurs i essayskriving under Kapittel 2015

Essaykurset går over åtte klokketimar fordelt på laurdag 19. og søndag 20. september. Det blir ei blanding av undervising og verkstad ("workshop"). Alle må ha med seg berbar datamaskin, for dei tekstane dei skal skriva, skal overførast til kursleiaren og dei andre deltakarane som e-post. Om nokon har lyst til å arbeida med skriveoppgåva på førehand, er det heilt ok.

Laurdag

  1. Essayet i historia og i vår eiga tid. Om ymse sjangerkrav med særleg vekt på balansen mellom det subjektive og det saklege.
  2. Kursdeltakarane skriv sine eigne tekstar og får personleg rettleiing ein og ein. Sidan

Kapittelfestivalen i år har Amerika som hovudtema, skal deltakarane få leika seg med det i under verkstaddelen av kurset: Amerika i fortid, notid og framtid, Amerika i politikk og ideologi, Amerika som personleg erfaring, Amerika i filmen, i litteraturen og i Stavanger.

Søndag

  1. Konstruktiv og uhøgtideleg tilbakemelding på dei rykande ferske tekstane i grupper og i plenum.
  2. Drøfting av sjangeren: nyttig reiskap eller hemmande tvangstrøye? Er det noko her som du kan bruka?
  3. Kva er vitsen med å skriva essay i 2015?

Solveig Aareskjold debuterte som essayist med Kyss meg i diskursen i 1996 og har gjeve ut fire essaybøker til. Då ho i 2011 blei tildelt Neshornprisen, saman med Karl Ove Knausgård, blei det grunngjeve med at ho er ei av dei mest særeigne og originale forfattarstemmene her til lands. Ho skriv kvar veke i Klassekampen i spalta Solveigs salt.

Pris på kurset er 1500 kroner.

Førstemann til mølla. Du fårførst ei stadfesting av at påmeldinga er registrert, sidan ein e-post om du har fått plass.

[contact-form-7 id="6053" title="Skrivekurs i essaystikk med Solveig Aareskjold"]

Stad: Kiellandrommet i andre etasje på Sølvberget.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa