Velkommen til Kort og godt, ei serie arrangement med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Ein av landets mest feira poetar, Erlend O Nødtvedt er kveldens hovudgjest. Han har valt seg temaet landskap. Gjestane til Nødtvedt er Cecilie Løveid, Fredrik Parelius og Yngve Pedersen. Det vil bli opplesingar frå alle fire forfattarane. På kva slags måte tekstane deira kastar lys over ordet landskap, gjenstår å sjå.
Når: Tysdag 24. februar kl.19.30
Kvar: Skifte (gamle Logen bar), Det Vestnorske Teateret, Ole Bullsplass, Bergen sentrum
Billettar: "Betal det du kan" - betal i døra eller via lenke Best seat booking Kort og godt - Det Vestnorske Teater webshop
Erlend O Nødtvedt debuterte med diktsamlinga Harudes i 2008. Sidan har han utgitt fire diktsamlingar og to romanar. Diktsamlinga Olav Nygaards seng kom i 2023 og er hans seinaste. Frå første bok har Nødtvedt begeistra bokmeldarane, og han vert rekna som ein av dei mest sentrale forfattarane frå sin generasjon. Stadig høyrer ein Nødtvedt bli omtalt som ein særeigen forfattar, full av musikalitet, kreativitet, originalitet og energi.
Yngve Pedersen vaks opp på Askøy og er busett i Fusa. Han har gått på Skrivekunstakademiet og Forfatterstudiet i Bø, og arbeidar som montør ved Bergen Kunsthall. Pedersen debuterte med diktsamlinga Lysning forelder i 2002. Det fremkalte det, hans andre samling kom i 2013. Dikta hans blir ofte omtala som språkleg oppfinsame og prega av å vera opne og utprøvande.
Cecilie Løveid har eit svært rikt og omfattande forfattarskap som rommer fleire sjangrar. Ho debuterte med romanen Most i 1972, og har sidan skrive prosa, lyrikk, og dramatikk. Hennar eksperimentelle scenetekstar har sidan 1980-tallet blitt rekna som bland dei mest originale bidraga til samtidsdramatikken her til lands, og Løveid reknast som ein av dei mest betydningsfulle lyrikarene i norsk litteratur. Ho har motteke Ibsenprisen tre gonger, samt ei rekke andre litterære prisar.
Fredrik Parelius er utdanna litteraturvitar og disputerte i fjor haust med avhandlinga Lyrikk og galskap: Mellom diktermyte og psykiatri hos Kristofer Uppdal, Gunvor Hofmo og Olav H. Hauge. Parelius er gjesteforskar ved institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier, ved universitetet i Bergen. I vår debuterer han med diktsamlinga Salt/Land.
Kort og godt er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, og er støtta av Bergen kommune. I vår skal vi ha tre slike arrangement som set fokus på ulike vestlandsforfattarar sine verk. Dei neste hovudgjestane er Erlend Nødtvedt i februar, og deretter Brynjulf Jung Tjønn i mars. Hurra!








