Velkommen til Kort og godt, ei serie arrangement med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Kveldens hovudgjest er allsidige og kritikarroste Brynjulf Jung Tjønn. Han har valt seg temaet røter. Gjestene til Tjønn er Pedro Carmona-Alvarez, Irene Kinunda Afriyie og Robin Van de Walle. Det vil bli opplesingar frå alle fire forfattarane. På kva slags måte tekstane deira kastar lys over ordet røter, gjenstår å sjå.
Når: Tysdag 17. mars kl.19.30
Kvar: Skifte (gamle Logen bar), Det Vestnorske Teateret, Ole Bullsplass, Bergen sentrum
Billettar: "Betal det du kan" - betal i døra eller via lenke (kjem snart)
Brynjulf Jung Tjønn har jobba som kulturjournalist, litteraturkritikar, forlagsredaktør og leiar av Den norske Forfatterforeningen. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. Han har sidan gitt ut fleire romanar og diktsamlingar for vaksne. For romanen Kvar dag skal vi vere så modige (2021) fikk han P2-lytternes romanpris. Tjønns forfattarskap opptek seg mellom anna med tema som identitet, hans eigen bakgrunn som adoptivbarn, utanforskap og tilhøyring. Det gjer han på sensasjonelt godt vis i diktsamlingane Kvit, norsk mann (2022) og Norsk kjærleik (2024). Sistnemnde blei nominert til Brageprisen, medan Kvit, norsk mann fekk Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.
Pedro Carmona-Alarez debuterte med diktsamlinga Helter i 1997, og har sidan gitt ut ei rekke romanar og diktsamlingar, to essaysamlingar og eit skodespel. Han har også oversatt fleire bøker, vore redaktør for Cappelen Damms debutantantologi Signaler og for Verden finnes ikke på kartet, ein antologi med gjendiktingar av internasjonal poesi (med Gunnar Wærness). Han har mottatt mange prisar, mellom anna Sultprisen, 2-lytternes romanpris, Kritikerprisen, Triztan Vindtorn poesipris og Riksmålsprisen, og bøkene hans er omsett til fleire språk. Allsidige Carmona-Alvarez underviser også ved Skrivekunstakademiet og er musikar. I fjor kom hans første skodespel, Rust sover aldri, som blir sett opp på Den Nationale Scene i 2027.
Robin Van de Walle er oppvaksen i Belgia, og bur i Bergen. Han har studert Nordiske studium og Litteraturformidling i Oslo og Amsterdam, og har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen. Han jobbar i dag som litteraturformidlar ved Bergen offentlege bibliotek. Romanen Han, solo (2022) er hans første bok.
Irene Kinunda Afriyie kom til Askøy som foreldrelaus flyktning frå Kongo då ho var 16 år. I 2023 debuterte ho med sakprosaboka Jeg er fordi du er. Fortellinger om mitt Norge. Ho er samfunnsdebattant, føredragshaldar og gjestekommentator i Bergens Tidende. Ho fekk Sjur Holsens minnepris i 2023 for sitt formidlingsarbeid.
Kort og godt er eit samarbeid mellom Det Vestnorske Teateret og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, og er støtta av Bergen kommune. Serien set fokus på ulike vestlandsforfattarar sine verk, og dette arrangementet er nummer tre i rekka.








