Korleis skrive den gode søknaden?

Vi inviterer forfattarar, bildekunstnarar og andre kunstnargrupper i Møre og Romsdal til eit halvdagskurs i korleis du kan bli betre på å skrive søknadar om for eksempel stipend eller støtte til prosjekt. Det blir innlegg frå Fritt Ord, Møre og Romsdal fylkeskommune og NFFO, samt tips og gode råd frå forfatter Marit Kaldhol.

Det vil også bli mogleg å følgje kurset på streaming her. Etter kurset blir det lunsj på Kafe Kurt (Plassen).

 

Tidspunkt: Laurdag 5. september, kl. 10.00-13.00
Sted: Molde Fjordstuer, Julsundvegen 6, 6412 Molde
Pris:
 Kurset er gratis, men kvar enkelt må betale for lunsj (festivalpris: 150 kroner eksl. drikke)
Billetter: https://bjornsonfestivalen.hoopla.no/sales/1748915805
Arrangør:
 Møre og Romsdal forfattarlag, Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk Forfattersentrum Midt-Norge og Bjørnsonfestivalen.

 

Link til festivalavisa: https://www.bjornsonfestivalen.no/festivalavis-2020
Link til programoversikt og billettsalg: https://www.bjornsonfestivalen.no/program2020

Velkommen til litteraturfest!