Saman med Veiviser og Kirkens bymisjon inviterer vi til forfattarbesøk med Brynjulf Jung Tjønn.
Når: Onsdag 18. mars kl.18.00
For kven: Alle som er kopla til Veiviser-prosjektet til Kirkens bymisjon
Er du ikkje ein del av Veiviser? Ikkje fortvil, du kan få høyre Brynjulf Jung Tjønn med gode kollegaer på Det Vestnorske Teateret tysdag 17. mars
Brynjulf Jung Tjønn har jobba som kulturjournalist, litteraturkritikar, forlagsredaktør og leiar av Den norske Forfatterforeningen. Han debuterte i 2002 med romanen Eg kom for å elske. Han har sidan gitt ut fleire romanar og diktsamlingar for vaksne. For romanen Kvar dag skal vi vere så modige (2021) fikk han P2-lytternes romanpris. Tjønns forfattarskap opptek seg mellom anna med tema som identitet, hans eigen bakgrunn som adoptivbarn, utanforskap og tilhøyring. Det gjer han på sensasjonelt godt vis i diktsamlingane Kvit, norsk mann (2022) og Norsk kjærleik (2024). Sistnemnde blei nominert til Brageprisen, medan Kvit, norsk mann fekk Kritikerprisen, Ungdommens kritikerpris og Nynorsk litteraturpris.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Veviser og Norsk Forfattersentrum Vestlandet, og ein del av Litterært springbrett som er støtta av Vestland fylkeskommune

%20Sara%20Sanderud_1.jpg)






