Finn din sjanger: Den moderne sagalitteraturen

Finst det ein moderne saga? Og kva kjenneteiknar moderne sagalitteratur? Vi har invitert dei prisløna forfattarane Tore Kvæven og Bergsveinn Birgisson til ei samtale om sagaen. Båe skriv bøker sterkt inspirert av den norrøne sagalitteraturen, og vi har spurt dei korleis ein slik eldgamal sjanger påverkar deira eigen skriving.

 

Tore Kvæven er sauebonde og lærar, busett i Sirdal i Vest-Agder. Han debuterte i 2011 med «Hard er mitt lands lov», ein historisk roman om eit eventyrleg vikingtokt til det indre av Kongo på 1000-talet. I 2018 fekk han Brageprisen for sin andre roman «Når landet mørknar». Året er 1293 og staden er Grønland. Her blir vi kjend med tenåringen Arnar som jaktar på kvalross i den iskalde fjorden ved Vesterbygda, og vi får eit intenst og truverdig bilete av det harde livet på Grønland i mellomalderen.
 
Bergsveinn Birgisson har ein doktorgrad i norrøn filologi og bur for tida i Bergen. Han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for romanen «Svar på brev frå Helga» (2012) og til Brageprisen i kategorien sakprosa for «Den svarte vikingen» i 2013. Boka handlar om forfattaren sin eigen stamfar 30 slektsledd tilbake i tid, kongssonen Geirmund Heljarskinn frå Rogaland som flykta frå Harald Hårfagres regime og slo seg opp på Island på 800-talet. I 2016 gav Birgisson ut «Soga om Geirmund Heljarskinn». Her møter vi same hovudperson som han skreiv faglitterært om i «Den svarte vikingen». Kven var Geirmund Heljarskinn, og kvifor har ettertida forsøkt å gløyme han?
Arrangementet er ein del av Norsk Forfattersentrums satsing i Bokåret 2019, under vignetten «Finn din sjanger», og blir gjennomført i samarbeid med Bygland bibliotek.
 
Arrangementsrekka «Finn din sjanger» presenterer bøker og forfattarar innanfor eit breitt spekter av litterære sjangrar, gjennom forfattarsamtaler over heile landet. Samtalene gir innblikk i forfattarnes eigne arbeidsmåtar og erfaringar. Målet med samtalene er å trigge lesegleda hos publikum gjennom sjangerutforsking, ved å sjå på sjangerens konvensjonar, overlapp, brott og fargesprakande moglegheiter. Les meir her.