Fakta om fiksjon - Puter under armana

I Heidi Lindes siste roman Norsk sokkel frå 2015, er kvart kapittel innleidd med eit sitat frå norske lover om kva for velferdsrettar vi har. Kvifor er velferd viktigast for Arbeiderpartiet, og korleis les Jette Christensen "Norsk sokkel"?

Fakta om fiksjon - Puter under armana

I Heidi Lindes siste roman Norsk sokkel frå 2015, er kvart kapittel innleidd med eit sitat frå norske lover om kva for velferdsrettar vi har. Historiene i boka fortel både om velferd og om norsk velstand, og diskuterer kva denne doble rikdomen gjer med oss og forventningane våre til livet. Er romanen ein hyllest til velferdsstaten eller er han ein kritikk av eit veikt folk?

Jette Christensen er politiker frå partiet som reklamerer for seg sjølv med slagordet «Hvis velferd er viktigst». Kvifor er velferd viktigast for Arbeiderpartiet, og korleis les Jette Christensen Norsk sokkel?

Sandra Lillebø leiar samtalen.

Fakta om fiksjon er ein serie der forfattarar møter ekspertar på bokas tema til samtale.

Måndag 18. april 2016 klokka 19.00, Litteraturhuset i Bergen, Alver

Pris: 60 kroner - kjøp billettar her

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa