5430 Bremnes

Er du mellom 13 og 19 år og har lyst til å bli litt flinkare til å seia kva du meiner? Bli med på gratis workshop med teikneserieskapar Therese G. Eide!

5430 Bremnes

Kva meiner du?

Folk meiner noko heile tida. På SOME, på skulen, i politikken, i familien, i vennegjengen. Om du tenkjer over det, går vi rundt og meiner noko dagen lang. Alt er ikkje like viktig, men kvardagen er uansett full av meniningar. For å få eit best mogleg samfunn, òg for unge, er det viktig at stemma di blir høyrt.

Har du lyst til å bli litt flinkare til å seia kva du meiner? Bli med på gratis workshop med teikneserieskapar Therese G. Eide!

Therese G. Eide kjem til Bømlo folkebibliotek og held kurs i to delar, der du lærer korleis du gir uttrykk for kva du meiner i teikneserieformat. Du lærer å kombinere ord og bilde, og korleis ansiktsuttrykk, kroppsspråk og gester – alt det visuelle – heng saman med korleis ein gir uttrykk for meiningar.  Dette er noko Therese kan mykje om. Du treng ikkje ha særleg erfaring med korkje å teikna eller skriva for å delta på kurset.

Teikneseriar handlar ikkje om å laga dei vakraste bilda, men om å fortelja og formidla ved hjelp av teikningar. Her kan du bli betre til akkurat det, samstundes som du kan meina noko om det du vil!

Gratis workshop for deg mellom 13 og 19 år

Stad: Bømlo folkebibliotek, Kulturhuset, Kulturhusveien 20, 5430 Bremnes.
Tid: Tysdag 8. og onsdag 9. oktober, kl. 12.00 til 16.00.
Vi serverer gratis mat!

Meld deg på i skjemaet under

#POSTKODENORGE er ei kreativ pakke som inspirerer ungdommar til å lesa, å skriva og å ytra seg.

Arrangør: Norsk Forfattersentrum i samarbeid med Bømlo folkebibliotek. Støtta av Kulturdirektoratet

Påmelding

Skjemaet er sendt!
Du skal ha fått ein kopi på e-post. Dersom du ikkje får tilsendt kopien (sjekk gjerne søppelfilteret også), kontakt #PostkodeNorge-ansvarleg Ida Endestad.
Oops! Something went wrong while submitting the form.

Andre arrangement

Sjå alle arrangementa