3 x Marit om heimstad

I denne arrangementsserien inviterer vi ein forfattar til å samtale med tre kollegaer om eit sjølvvalt tema. I haust har Marit Eikemo valt seg temaet "heimstad" og til den første samtala har ho invitert Frode Grytten.

3 x Marit om heimstad

Foto: Agnete Brun og Helge Skodvin

I løpet av tre samtalar med tre forfattarkollegaer, vil Marit Eikemo kaste lys over temaet heimstad sett gjennom kollegaer sine forfattarskap:
Frode Grytten, Ingvild H. Rishøi og Halvor Folgerø

Ifølgje ordbøkene er heimstad den staden der ein bur og har heimen sin. Men kjensla av å vere heime, eller heimlaus, har ofta ei vidare tyding. Ein kan kjenne seg heime i ein klasse, hos eit anna menneske, i eit større fellesskap, i eit land. Men kva om heimstaden ikkje er trygg? Eller vegen heim er farleg? Og kva skjer med heimen når du mistar den du har delt den med? 

I denne første samtalen vil Marit Eikemo snakke med Frode Grytten om konkrete og litterære heimstader, om hus og byar og gater og folk. Dei har begge skrive om Odda, som er heimstaden til begge to. I den siste romanen til Grytten, Den dagen Nils Vik døde, vaknar ferjemannen Nils Vik om morgonen kvart over fem, i huset der han eingong levde saman med kvinna han elska, og den siste dagen i livet hans tar til. Romanen er ein dødsmeditasjon, ei kjærleikserklæring til eit landskap og til folka som bur der.


Når: Tysdag 17. september, kl.19:30

Kvar: Skifte, Det Vestnorske Teateret

Gratis inngang!

Frode Grytten (f. 1960) har skrive bøker i dei fleste sjangrar og har nådd eit stort publikum. Han har mellom anna vunne Brageprisen, Rivertonprisen og Nynorsk litteraturpris, og bøkene hans er omsette til 17 språk. Hans seinaste roman Den dagen Nils Vik døde, kom i 2023 og hausta fantastiske meldingar, pluss ein Bragepris.

Marit Eikemo (f. 1971) er frå Odda og bur i Bergen. Ho har tidlegare arbeidd som tidsskriftredaktør, festivalsjef for Litteratursymposiet i Odda, forlagsredaktør og var også leiar for Cornerteatret i Bergen. Debuten hennar kom intervjuboka Her, no. Møte med unge menneske i 1999. Hennar første roman, Mellom oss sagt, kom i 2006. Marit Eikemo sine bøker er både smarte og underhaldande, og har imponert både kritikarar og publikum med sine presise observasjonar av det norske samfunnet og tida vi lever i. Ho mottok Amalie Skram-prisen 2017 for sin forfattarskap, og var festspeldiktar på Dei nynorske festspela 2018. I 2019 mottok ho Samlagsprisen.Eikemo har til saman gitt ut sju romanar, den seinast er Brødrene Eikemo (2024) som fekk glitrande kritikk.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Norsk Forfattersentrum Vestlandet og Det Vestnorske Teateret, og er realisert med tilskot frå Bergen kommune og Fritt Ord