Trykk “Godkjenn informasjonskapslar” for å godkjenne at forfattersentrum.no lagrar informasjonskapslar på maskina di. Trykk "Val" for å lese meir om og slå av og på informasjonskapslar. Les meir om Forfattersentrum og personvern her!
ISBERG utvidar den litterære formidlinga gjennom nyskriven musikk og filmatisering av utvalde scener frå den kritikarrosa romanen Isberg.
Den litterære produksjonen ISBERG bygger på den kritikarrosa romanen ISBERG. Romanen vart også nominert til Ungdommens kritikerpris. Med utgangspunkt i utvalde scener gir forestillinga stemme til ein ung guts erfaringar med tapet av barndomsheimen og foreldra, samt dei famlande forsøka hans på å finna attende til skulekameratar og lokalsamfunn. Filmen følgjer han frå den dramatiske hendinga og omlag to år fram i tid. ISBERG er ein studie i ein ung manns traumatiserande erfaringar og ein mannleg psykisk struktur som gjer at han isolerer seg då han burde han snudd seg mot dei andre for å be om hjelp. Den litterære produksjonen ISBERG behandlar såleis sentrale og vanskelege spørsmål om tap, einsemd, vald og kva det er som gjer at somme ungdommar utviklar seg til «sinte unge menn».
Lars Ove Seljestad har vald ut sentrale scener frå romanen ISBERG til denne forestillinga. Den velrennomerte musikaren Karl Seglem har skrive ny musikk til forestillinga. Med bruk av elektronika, saksofon, bukkehorn, pust og stemme forsterkar han og utvidar stemningane teksten etablerer. Filmskaparen Magnus Hisdal visualiserer den litterære formidlinga gjennom animasjon og innslag av spelefilm. Samverknaden av tekst, musikk og film skaper eit nytt rom for litterær formidling og løftar og tydeleggjer den underliggande uroa i dette verket.
Forestillinga ISBERG består i sin grunnversjon av filmvising og samtale med forfattar Lars Ove Seljestad. Etter nærare avtale kan forestillinga også utvidast til full konsertversjon med film, livemusikk og live tekstlesing.3
Om utøverne
Foto:
Niklas Lello
Lars Ove Seljestad
Lars Ove Seljestad brakdebuterte med romanen Blind i 2005. Han har sidan gitt ut ytterlegare fem romanar, ei essaybok og ei diktsamling. Seljestad har gjennomført Litteraturbrukets formidlingskurs og skulekurs. Han er kjend for å vera ein dyktig og populær formidlar av eigen litteratur.