Produksjonshjelp til forfattarar

Har du lyst til å utvikle eit foredrag, ei forestilling eller ein litterær produksjon? Norsk Forfattersentrum har erfaring med kva som skal til for å utvikle ein ny produksjon – og få han ut på vegen.

Flu Hartberg i aksjon på Komma – visningsarena for litteratur. Norsk Forfattersentrum arrangerer Komma i samarbeid med ei rekkje andre DKS-aktørar og Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Foto: Tanja Steen / Den kulturelle skulesekken i Viken.

Norsk Forfattersentrum kan bistå med råd og rettleiing i prosessen frå idé til ferdig produksjon. Vi kan for eksempel setja deg i kontakt med fagpersonar eller ein mentor som kan rettleie og gjeva konstruktiv kritikk ved ei prøvevisning. Vi kan òg setja deg i kontakt med aktuelle samarbeidspartnarar innan andre kunstartar. I nokre tilfelle gjev vi økonomisk støtte til utvikling av produksjonar. Vi tipsar deg gjerne om korleis du kan gå fram for å forsøke å skaffe deg oppdrag og turnear.

Har du spørsmål eller ynskjer hjelp med eit foredrag eller ein litterær produksjon?

Meldinga er sendt, og du skal snart få ein kopi av meldinga di på e-post. Ta kontakt med administrasjonen til Norsk Forfattersentrum dersom du ikkje får denne kopien.
Oops! Something went wrong while submitting the form.