Kø av viktige søknadsfristar framover

Hausten er høgsesong for søknadsfristar, enten du vil ha opppdrag eller skal søke stipend. Under har vi samla nokre av søknadsfristane som kan komme brått på deg dei neste vekene.

Stockfoto-bilde som illustrerer korleis framtidige honorar og stipendkroner får forfattarskap til å gro. Foto: Micheile Henderson, Unsplash

1. oktober: Den kulturelle skolesekken

Første frist er allereie 1. oktober. Då må alle som vil på turné i Den kulturelle skolesekken skoleåret 24/25 ha meldt inn sitt forslag i portalen til Kulturtanken. Norsk Forfattersentrum tilbyr hjelp til medlemmer som skal søke. Les meir om det her!

2. oktober: Kulturell lykkepille i Bergen

Den kulturelle lykkepillen (DKL) tilbyr kulturprogram på kommunale aktivitetshus innan psykisk helse i Bergen kommune. Profesjonelle utøvarar innan alle kunstartar kan søke om å få oppdrag i 2024.

Søk på kkph.no før 2. oktober!

6. oktober: Viktige sakprosafristar

6. oktober kl. 15:00 er siste frist for å søke stipend frå NFFO for å skrive eller omsetje sakprosa. Les meir og søk på nffo.no.

Har du allereie skrive skrive, omsett og gitt ut faglitteratur, kan du også søke kompensasjon gjennom den individuelle vederlagsordninga. Les meir og søk på nffo.no.

15. oktober: KOMMA 2024

Har du ein litterær produksjon du vil vise fram til potensielle oppdragsgivarar? KOMMA er ein nasjonal visningsarena der forfattarar og utøvarar får ein unik sjanse til å gjere seg synleg for produsentar i Den kulturelle skolesekken (DKS), kulturarrangørar og litteraturbransjen. Les meir om det her, og søk om å få vise din litterære produksjon på Lillehammer i mai!

17. oktober: Statens kunstnarstipend

Fleire av Statens kunstnarstipend er relevante for Norsk Forfattersentrums medlemmer uansett kven du skriv for og om du skriv skjønnlitteratur, sakprosa, er dramatikar eller omsetjar. Les meir om dei ulike stipenda og søk her!

Kulturdirektoratet arrangerer også digitalt informasjonsmøte om stipendordningane 27. september. Møtet er ope for alle, men du må melde deg på via kulturdirektoratet.no!

17. oktober: NBUs fonds stipend og DnFs vederlagsfonds stipend

Skriv du skjønnlitteratur må du også hugse å søke NBUs fonds stipend og/eller DnFs vederlagsfonds stipend. Barne- og ungdomsbokforfattarar finn meir informasjon og kan søke både arbeidsstipend og diversestipend på nbuforfattere.no.

Skriv du skjønnlitteratur for vaksne, søker du stipenda til Forfatterforeningen her!

Hugs å søk på alle stipend du er kvalifisert til. Dei litterære råda som avgjerd stipenda kan ikkje gi deg stipend du ikkje har søkt på!

1. november: Utviklingstøtte frå Leser søker bok

Leser søker bok gir økonomisk støtte og faglege råd til forfattarar, illustratørar og serieskaparar som vil nå lesarar som treng utgivingar med ekstra omtanke i språk, komposisjon og utforming. Ta ein kikk på lesersokerbok.no dersom du er usikker på om prosjektet ditt eignar seg for å søke utviklingsstipend. Du finn utlysingsteksten og søknadsskjema her!

2. januar 2024: NBI-stipendet

NBI-stipendet er eit rekrutteringsstipend på 100 000 kroner som går til yngre forskarar, formidlarar eller kunstnarar. Målet med fondet er å rekruttere og stimulere til forsking og forskingsformidling innan fagfeltet barne- og ungdomslitteratur.

Prosjektet som får støttet må med andre ord vere eit utforskande arbeid innan barne- og ungdomslitteratur, men også vere eit kunstnerisk arbeid. Les meir og søk på barnebokinstituttet.no.

Har vi gløymt noko?

Send oss gjerne ein e-post dersom det er relevante søknadsfristar du saknar på lista!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.