Desse fire skal halde forfattarforelesing i haust

Foto: Rolf M. Aagaard (Kjell Ola Dahl), Paal Audestad (Kjersti Bronken Senderud), Maja Hattvang (Eivind Hofstad Evjemo) og Agnete Brun (Linn Ullmann)

Forfattarforelesinga held fram sin 10. sesong med Kjell Ola Dahl, Kjersti Bronken Senderud, Eivind Hofstad Evjemo og Linn Ullmann på haustprogrammet.

 

12. januar var det 10 år sidan Frode Grytten heldt den første Forfattarforelesinga på Litteraturhuset i Oslo. I Gryttenforelesinga stilte skalden frå Odda følgande spørsmål: ”Er det ikkje slik at biografien er dei intellektuelles Se & Hør?»

Det seine litteratrursnakket
Hovudmålet med Forfattarforelesinga var frå starten av «å auke det seine litteratursnakket i det offentlege, kjappe rommet». Etter Gryttenforelesinga gjekk det knapt eit døgn før den første forelesinga hadde slått inn i nettopp dette kjappe rommet som biografidebatt i Dagbladet, Dagsavisen, Klassekampen, VG, Laagendalsposten (!), Fredrikstads Blad, Dag og Tid, Bergens Tidende og Aftenposten. I ein kommentar i sist nemnde avis, forsvarte debattredaktør og Hauge-biograf, Knut Olav Åmås, biografisjangeren, men rosa også Gryttenforelesinga og Forfattarforelesinga som konsept:

«En glimrende idé for alle oss som er grundig lei av alle de sprikende, lite innsiktsgivende og dårlig forberedte paneldebattene i Kultur-Norge. La heller én person snakke uavbrutt og i fred. Det ble rett og slett en forrykende og formfullendt gjenreisning av Foredraget med stor F».

F-bøkene
Klassekampen og Dagsavisen har i periodar trykt skriftlege versjonar av forelesingane, og i 2011 kom den første av to bøker med trykte forfattarforelesingar ut. Igjen fekk konseptet skryt, denne gongen av kulturredaktør i Vårt Land, Alf Kjetil Walgermo: «Når sideproduksjon, som det dels er snakk om, resulterer i seintsnakkande og spennande tankar som dette, er det framleis grunn til håp for den norske litteratursamtalen».

Forfattarforelesinga hausten 2018
Sjølv om den litterære samtalen har fått mange fleire arenaer dei siste ti åra, trur vi framleis at det er bruk for Forfattarforelesinga. Som motvekt til ei offentlegheit som i alle fall ikkje spinn noko saktare enn for ti år sidan, presenterer vi i haust fire nyskrivne foredrag:

1. september: Dahlforelesinga med Kjell Ola Dahl
13. oktober: Senderudforelesinga med Kjersti Bronken Senderud
10. november: Evjemoforelesinga med Eivind Hofstad Evjemo
1. desember: Ullmannforelesinga med Linn Ullmann

Forfattarforelesingane finn stad i andre etasje på Litteraturhuset i Oslo. Meir informasjon om kvar enkelt forelesing kjem her på forfattersentrum.no og på Facebooksida dei neste vekene.