Sogn og Fjordane – midt i smørauget

Øyvind Sunde Høstaker er koordinator for Den kulturelle skulesekken (DKS) ved fylkeskulturkontoret i Sogn og Fjordane. Han har hatt denne jobben i snart fem år og synest at han sit midt i smørauget på alle vis.

Foto: Fredrik Høstaker
Foto: Fredrik Høstaker

- Ein tidlegare reportasje tok for seg DKS Akershus. Er det nokon skilnad på desse to fylka når det gjeld DKS-arbeidet?

– Eg trur vi representerer kvar vår ende av skalaen! Fylka på det sentrale Austlandet har ein heilt annan nærleik og heilt anna logistikk. Dei kan fylle ein kinosal og ha arrangement for fleire hundre elevar per dag. Slik er det ikkje her. Skilnaden ligg i både folketal, avstandar og transport. Her må dei som skal ha arrangementet, kanskje ta ferje ut til skulen, halde framsyning for 18 born og ta ettermiddagsferga heim att, og så vinn dei ikkje meir den dagen. Behovet og utfordringane er særs ulike mellom fylka. Men desse kjenner Litteraturbruket godt til, anten det no gjeld Akershus eller Sogn og Fjordane.

– Så du er ikkje misunneleg på den geografiske nærleiken til Litteraturbruket som DKS Akershus kan gle seg over?

– Ikkje det minste. Vi opplever ikkje noko avstand i så måte. Litteraturbruket kjenner behova våre, og dei veit kva utfordringane våre består i. Og Litteraturbruket kjem til oss! Eg har møtt Knut Fougner, prosjektleiar for Litteraturbruket, ved fleire høve, både her i Førde og i ulike andre samanhengar. På den måten får dei godt inntrykk av kva som er viktig for oss i den situasjonen vi er i. Litteraturbruket er lydhøyr for innspela og ynskja frå fylka. Vi opplever det også viktig at dei inviterer til fagsamlingar der fylka får vere med å drøfte og gje innspel til litteraturproduksjonar for DKS.

Gjer det enkelt å vere god
– Med Litteraturbruket som samarbeidspartnar blir det enkelt for oss å finne dei beste produksjonane til vårt format og å få til optimale turnear. Skal ein turnere i Sogn og Fjordane, er det ikkje alltid at turnebuss og stort mannskap er mest praktisk. Tre personar i ei stasjonsvogn var det som skulle til for å turnere med den flotte produksjonen Fortellingen om et mulig drap. Sjølv då tek det oss tre år å kome gjennom heile fylket slik at alle elevane får sjå oppsetjinga. Og det synest eg er det viktigaste og beste med DKS, at alle skulane får ta del i tilbodet.

Vil ha Litteraturbruket!
- No er det ein del omleggingar av DKS på trappene. Kva for tankar har du om dette?

– Vi er positive til denne omlegginga, for vi ser at eit administrativt overbygg kan løyse ein del utfordringar. Samstundes er vi litt bekymra for rolla til dei nasjonale aktørane. Vi vonar at Litteraturbruket består og blir styrkt i rolla si som kompetansesenter. Litteraturbruket er ein viktig støtte- og medspelar i DKS-arbeidet.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.