Nytt rekordår for Forfattersentrum

I 2016 fekk 747 forfattarar utbetalt til saman 25 973 872 kroner i honorar gjennom Norsk Forfattersentrum. Det er rekord, og betyr tre millionar meir i honorarutbetalingar enn i 2015.

Også totalomsetninga auka, og enda til slutt på 46,7 millionar kroner. Vi er dessutan svært stolte over å ha formidla rekordmange forfattarar i ei tid der fleire uroar seg for den smale litteraturen si rolle i offentlegheita: 747 individuelle forfattarar fekk utbetalt honorar via oss i 2016.

Dei litterære samtalane er populære. Her blir Per Knutsen intervjua av Chris Tvedt. Foto: Unni Torgersen

Fleire bokbad og litterære samtalar
Talet på registrerte oppdrag har gått litt ned, frå 8370 i 2015, til 8243 i fjor, men nedgangen kjem først og fremst fordi oppdraga blir meir omfattande. Det er ikkje korte opplesingar frå bøkene (minstesatsen) som er mest interessante for oppdragsgjevarane, men godt førebudde bokbad og andre samtalar.

Færre eigenproduserte arrangement

Færre eigenproduserte arrangement som her med Gunnhild Øyehaug på Forfattersleppet Foto: Unni Torgersen

Stadig vekst i medlemstal og omsetning dei siste åra, har funne stad utan at administrasjonen har fått tilført nye årsverk. Kombinert med at vi ikkje kan søke Kulturrådet om støtte til prosjekta våre, fører dette til at vi dessverre har færre ressursar til eigenproduserte arrangement som Forfattarsleppet, Bokdager på Sørlandet og Nord-Nordsk bokdag – festivalar som er kjenneteikna av breidde og kvalitet.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.