Nye honorarsatsar frå 1. januar

Forfattersentrum oppdaterer honorarsatsane med verknad frå 1. januar 2017.

Foto: Norges Bank
Foto: Norges Bank

Satsane for skrivekurs à 2 timer og manuskonsultasjon for manus under 200 sider, er båe heva til 3500 kroner. Dei andre satsane er enten uendra, eller justert opp med 100 kroner.

Det er også verd å merke seg at satsane for opplesing har fått nye namn for å skilje reine leseoppdrag frå arrangement der forfattaren både les og presenterer seg sjølv. Den nye satsen «Opplesing inntil 15 minutt», er som den tidlegare minstesatsen på 2200 kroner, og skal utelukkande nyttast for å honorere opplesing. På arrangement der ein forfattar både les opp og presenterer seg sjølv, skal satsane «Opplesing/presentasjon inntil 30 minutt» og «Opplesing/presentasjon inntil 60 minutt» nyttast.

Nye og gamle satsar finn du her!

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.