Kven skal få Wergelands åre 2023?

Wergelands åre er ein pris som blir delt ut annakvart år. Den skal gå til personar eller institusjonar som i si verksemd har bidrege til forståing, formidling og synleggjering av poesi.

Foto: Atle Berge

Norsk Forfattersentrum ønskjer med dette å slå eit slag for poesien, i alle former og alle medium. Prisen blei første gong delt ut i 1997.

I 2020 skal Wergelands åre delast ut på ny, og vi ønskjer forslag på gode namn. Etter at vi har mottatt forslaga, vil ein jury frå styret og administrasjon gi ei innstilling til styret, som kårar vinnaren. Alle står fritt til å nominere.

Prisen blir delt ut på årsmøtet 21. april 2023 og er på kr. 15 000.

Tidlegare vinnarar:

1997: Turid Birkeland

1999: Oslo Sporveier – dikt underveis

2001: Volapük

2003: Dagbladet – diktbasen

2005: Erling Kittelsen

2008: Jan Erik Vold

2012: Hanne Bramness

2014: Diktafon ved Annelita Meinich

2016: Helge Torvund

2018: Poesibilen

2022: Henning H. Bergsvåg

Medlemmer som er nemnde i denne saka