Kunst- og kulturproduksjonar til skulen

Vil du formidle kunst og kultur til skuleelevar? Hordaland fylkeskommune har ansvar for kunst- og kulturformidling til elevar i grunn- og vidaregåande skular i Hordaland.Programmet vert finansiert og tilrettelagt i samarbeid med Kulturtanken – Den kulturelle skolesekken Norge. -Det varierer frå år til år, og ein må kvart år sende inn forslag til programmet.

Kven kan sende inn forslag?

Profesjonelle utøvarar, institusjonar og andre tilbydarar innan dei ulike utrykka kan sende inn forslag til programmet.

Innhald

Hordaland fylkeskommune sitt samla program skal omfatte visuell kunst, film, litteratur, scenekunst, musikk, kulturarv og kunstartar i samspel. Elevane skal gjennom skulegangen få eit variert tilbod, og oppleve profesjonell kunst og kultur både på skulen, kulturhus og andre kunst- og kulturinstitusjonar/ -arenaer. Kunst- og kulturformidlingsprogrammet i skulen er for elevane og skal skje i skuletida.

Kulturprogram på bokbåten Epos er ein del av tilbodet. Dersom de kryssar av for framføring på Epos, forventar vi at produksjonen kan tilpassast bokbåten. De finn meir om krava til kulturprogrammet lengre nede på sida under overskrifta Bokbåten Epos – om å vere kulturutøvar om bord.

Kulturtanken har i sine mål og føringar uttrykt at det planleggast nyproduksjonar der samtidas teknologi står sentralt i planlegging, utforming, distribusjon og gjennomføring.

Elevane på alle trinn skal medverke og delta i tilboda i Den kulturelle skolesekken (DKS). Elevmedverknad kan skje i planleggings-, programmerings- eller produksjonsfasen i tilbodet, i møtet med produksjonen og utøvarane, eller i ulike former for etterarbeid og evaluering av tilbodet.

Eit tiltak er å auke andelen nynorskproduksjonar, jamfør Regional kulturplan for Hordaland. Regionalt samarbeid er prioritert. Ein ser på Vestlandet som ein viktig kulturregion og ser positivt på prosjekt som går på tvers av fylkesgrensene. Det er i tillegg også prioritert å styrke mangfaldet i aktivitet og deltaking for grupper som treng særskild tilrettelegging, samt tilrettelegge informasjon for ulike brukargrupper.

Søknadsfrist 1. oktober, søknadsskjema finn du her

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.