Forfattar i mai: Kristin Fridtun

I spalta 5 spørsmål vert du litt betre kjent med ein av medlemmane i Norsk Forfattersentrum.

Foto: Silje Krager
Foto: Silje Krager

Kristin Fridtun er forfattar, filolog og fast spaltist i avisa Dag og Tid. Hen debuterte med boka Norsk etymologisk oppkok (2012). Og har seinare utgjeve desse to bøkene: Nynorsk for dumskallar (2013) og Kjønn og ukjønn. Ordhistoriske essay (2015).

  1. Kva er den beste opplevinga di frå eit litteraturarrangement?
    Det var då Gerd Brantenberg vitja Elverum vgs. tidleg på 2000-talet og snakka om bøker og feminisme og skeive ting. På det tidspunktet var eg ei nyutsprungen lesbe med skrivekløe, så det er klart det gjorde inntrykk.
  2. Viss du kunne ha vore ein annan forfattar for ein dag, kven ville det ha vore? No heldt eg på å seia Ivar Aasen, mest fordi eg lurer på korleis det er å dikta på eit språk som nesten ingen andre brukar, og som du attpåtil har utforma sjølv. Men eg må nytta høvet til å reisa lenger i tid og rom. Eg seier Sapfo.
  3. Kva er yndlingstittelen din? Purkene snudde seg av Kjersti Rorgemoen.
  4. Kva er draumejobben din (med unntak av forfattar)? Sidan eg er useieleg trehendt, er eg sterkt fascinert av folk som kan byggja og fiksa alt mogleg. Vaktmeister, kanskje?
  5. Korleis ser ein arbeidsdag ut for deg?
    Til liks med mange andre frilansarar har eg ein del reisedagar utan fast struktur, men det er heimedagane eg likar best og dei er det til alt hell flest av. Som regel set eg meg ved skrivebordet rundt 07.30. Etter eit par timar får eg meg litt frisk luft, går eller spring eller syklar ein tur. Så er det lunsj og avislesing, så set eg meg ved skrivebordet att. Kor lenge eg vert sitjande der, varierer med kor mykje eg har å gjera og kor oppslukt eg er. Dessutan er det håplaust å skilja mellom jobb og ikkje-jobb. Her om dagen fekk eg ein glitrande idé medan eg gjekk heim frå butikken.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.