Dette gjorde Norsk Forfattersentrum i 2023

Kvart år oppsummerer vi i Norsk Forfattersentrum året som har gått i ei fyldig og rikt illustrert årsmelding. No er årsmeldinga for 2023 klar. I den kan du blant anna lese at vi i fjor formidla 9209 oppdrag og betalte ut 44 058 020 honorarkroner til 867 ulike forattarar.

Dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Christine Herzog, og styreleiar Alfred Fidjestøl har leia Forfattersentrum-skuta gjennom nok eit hektisk år. 19. april ønsker Fidjestøl velkommen til sitt siste årsmøte som styreleiar.

I 2023 formidla Norsk Forfattersentrum altså 9209 oppdrag og betalte ut litt over 44 millionar honorarkroner til 867 ulike forattarar. Desse tala er på line med 2022, noko som bekymrar oss. Ikkje berre har omsetninga før dette auka i 17 av dei siste 20 åra, tar vi med prisjustering og at talet på oppdrag er lik fjoråret, hadde vi forventa ei auking i den totale omsettinga for 2023. Når dette ikkje er tilfelle, fryktar vi at det kjem av at oppdragsgivarar med trangare økonomi, bestiller oppdrag med lågare honorarsats.

Litterære arrangement

Norsk Forfattersentrum hyrer ikkje berre ut forfattarar til andre oppdragsgivarar, vi er også sjølv ein stor arrangør. I 2023 gjennomførte vi 143 arrangement, 40 skrivekurs og 11 medlemskurs og bransjetreff. Totalt gav dette oppdrag til 281 forfattarar. Sjå oversikt over alle arrangementa vi gjennomførte i 2023 her!

Last ned årsmeldinga

Heile årsmeldinga for 2023 kan du laste ned her!

Tidlegare årsmeldingar finn du her.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.

Fleire nyheiter

Sjå alle nyheitene