Æ Å markerer: Litterære vennskapsbyar

Ruslar du rundt i Trondheim, vil du kanskje leggje merke til nokre av byens ti litteraturbenkar. Dei står plasserte på ti forskjellige stader i sentrum og skil seg litt ut frå andre benkar. Dei er nemleg ikkje berre benkar for å sitje på, dei er også utsmykkingar i byrommet designa av tre arkitektstudentar. I tillegg har dei tekstar skrivne på seg, som seier noko om staden benken er plassert på. Tekstane er forfatta av ti Trondheimsforfattarar i samband med opninga av Litteraturhuset i Trondheim hausten 2016. Prosjektet heiter Atlas over Trondheim og er inspirert av eit liknande prosjekt i Århus.

Århus er europeisk kulturhovudstad i 2017 og i prosjektet Atlas over Aarhus skal både danske og utanlandske forfattarar skrive 365 tekstar om byen. Til slutt vil heile Aarhus vere kartlagt litterært. Desse tekstane blir formidla i byrommet, på pizzaesker, hus, handlenett, i lydinstallasjonar, benkar og bysyklar – mellom anna. Dei arrangerer også litterære byvandringar kor ein etter kvart kan ta til å tvile på kva som er fantasi og kva som er fakta.

Til Æ Å Trondheim litteraturfestival kjem fleire av dei som er involvert i Atlas over Aarhus til Trondheim. Byane ønskjer å gjere kvarandre til litterære vennskapsbyar og dette vil vi markere på festivalen! Prosjektleiar Robert Skovmose Christensen og leder for Litteraturhuset i Trondheim, Trond Åm, vil snakke om byrommet som formidlingsarena og om kva tyding nye formidlingsmåtar har for litteraturen. Det vil bli opplesingar av to av forfattarane som har bidrege til prosjektet i Aarhus; Jens Blendstrup og Mette Moestrup.

Medlemmer som er nemnde i denne saka

No items found.